Samla for å staka ut kursen for Rogaland

Næringsliv, kommunar, folkevalde og frivillige organisasjonar har dei siste vekene vore samla for å diskutera utfordringar og moglegheiter i dei ulike regionane i fylket. Felles for alle har vore høgt engasjement og mange innspel.

Mange mennesker i et rom. Foto - Klikk for stort bildeFleire møtte opp i Dalane for å kome med innspel til Utviklingsplan for Rogaland. Fylkesdirektør Gunn Claire Westad har innleia alle samlingane.


– Det er inspirerande å sjå kor mange som engasjerer seg for at fylket vårt skal ha ei så god utvikling som mogleg. Ikkje minst er det viktig at dei involverer seg og saman drøfter korleis me kan møte dei utfordringane som kjem. Samarbeid er ein føresetnad for å lukkast med ei berekraftig utvikling, seier fylkesdirektør Gunn Claire Westad som har deltatt på alle samlingane.

Brei involvering

I løpet av fem kveldar har Rogaland fylkeskommune reist rundt i fylket og samla over 200 aktørar frå ulike sektorar for å saman peike ut retninga for Rogaland dei neste fire åra. Det har vore samlingar i Ryfylke, Dalane, Sør-Jæren, Nord-Jæren og Haugalandet for å kartleggje lokale utfordringar i dei ulike regionane. Samlingane er ein del av arbeidet med Utviklingsplan for Rogaland.

Som regional planmyndigheit skal fylkeskommunen i løpet av kvar valperiode utarbeida ein regional planstrategi. I Rogaland har den fått namnet Utviklingsplan for Rogaland. Dette skal gjerast saman med kommunar, næringsliv, statlege organ, frivillige organisasjonar og institusjonar som planarbeidet får verknad for.

Tidlegare i medverknadsarbeidet har innvandrarar, ungdom, eldre og funksjonshemja kome med sine innspel.

– Jo fleire som tek del i arbeidet, jo betre treffer vi med planane våre. Vi gjer jobben vår best når vi treffer eit mangfald av folk, frå forskjellige stader og med ulike synspunkt og utfordringar, seier Westad.  

Ei viktig stemme

Gjert Smith, rådgjevar i Rogaland idrettskrets var til stades på samlinga på Sør-Jæren for å slå eit slag for idretten og frivilligheit.

– I ei tid med strammare kommuneøkonomi, erfarer vi at frivilligheita vart nedprioritert. Vi gjer eit viktig samfunnsarbeid på dugnad, og difor er det viktig for oss å vere med og peike på situasjonen, og at vår stemme blir høyrd når ein skal leggje føringar for framtidig utvikling.