Prisdryss til No-lo bedrift

Ungdomsbedrifta på Karmsund vidaregåande skule har kvalifisert seg til nasjonal meisterskap for entreprenørskap.

Ingeborg Svendsbø Horneland, Kjersti Sandvik, Liv Celine Fagerland og Amalie Eilerås, Mocktails Mix Kit UB frå Karmsund vidaregåande skule.

–Det var uventa, men kjekt. Idéen kom etter at me såg at fleire kan kjenna på drikkepress. Nokre gonger er det kjedeleg å dra på noko med ei flaske brus, seier Amalie Eilerås.

Ho er med i ungdomsbedrifta Mocktail Mix Kit UB. Forretningsiden er å produsera og selja eit kit med alt du treng for å laga dine eigne mocktails drinkar, ved bruk av råvarer som blir kasta – og spelar på «no-lo» trenden den siste tida, som handlar om å drikka ingen alkohol i (No) eller alkohol med låg alkoholprosent (Low).

I løpet av fylkesmeisterskapet i Rogaland for entreprenørskap har dei vunne fleire prisar. Dei kom på andreplass for årets ungdomsbedrift, førsteplass for årets yrkesfaglege bedrift og tredjeplass for samfunnsbyggjarprisen.

Sjå alle resultata frå fylkesmeisterskapet.

Med seg heim får dei ein billett til det nasjonale meisterskapet for ungdomsbedrifter som går av stabelen i april i år. Dei skal vera med i rogalandslaget, saman med ungdomsbedrifta EcoBuy UB frå Vardafjell vidaregåande skule og to ungdomsbedrifter frå Tryggheim vidaregåande skule.

Jenny Elstad-Aarseth, Kristine Ruud,, Rikke Pleym Iversen, Caroline Thime, Rajana Ismailova og May Britt Haugland frå Vardafjell vidaregåande skole.

Spennande å få premie

Fylkesmeisterskapet i entreprenørskap gjekk av stabelen onsdag 12. mars i Stavanger konserthus. På starten av dagen vart det delt ut prisar til ungdomsbedrifta, og fylkesordførar Ole Ueland opna med ein tale til ungdomen.

– I år er det 97 ungdomsbedrifta frå 13 ulike skolar som deltek i fylkesmeisterskapet. 75 jurymedlemmer skal kåra vinnarar i 13 ulike konkurransar. For ein dag det blir! De som sit her i salen veit at å starta ei eiga bedrift er både utfordrande og krev mykje hardt arbeid. Men det er verd det! Det de no har lært vil vera verdifullt både for dykk, og dei de skal jobba med i framtida, sa han frå scena.

Tredjeplass for beste økonomistyring gjekk til ungdomsbedrifta Ung Hjelp. Dei koblar unge arbeidssøkarar med lokalt næringsliv på ein smart og fleksibel måte.

– Eg gløymer nok ikkje kjensla av å gå opp på scena og få ein pris, seier Thea Støle Hansen som går på Dalane vidaregåande skule.

Ho er med i Ungdomsbedrifta Jærgodt. Dei var også ein av dei som fekk en pris på starten av dagen. Dei vann førsteplass for marknad- og kommunikasjon.

– Det er fint å ha praksis i tillegg til teori. Me lærer veldig mykje av det, seier Sander Håland som går på Bryne vidaregåande skule.

Viktig å møte kvarandre

Ungdomane vise frem bedrifta si i buane i konserthuset for å bli bedømt for fleire prisar av juryen.

Jurymedlem, seksjonssjef og koordinator for Ungt Entreprenørskap i fylkeskommunen, Trude Alsterberg, seier at premier er kjekt men at det også gir elevane mykje å møta kvarandre.

– Dette meisterskapar er unikt fordi det byggjer bru mellom skule, næringsliv og arbeidsliv. Elevane får vist kor kreative og nyskapande dei er, og får møtt kvarandre på tvers av skular og situasjonar, forklarar ho.

Kva er Ungt Entreprenørskap?

Ungt Entrepenørskap (UE) skal inspirera unge til å tenkja nytt og skapa verdi for andre, og vera ein brubyggjar mellom skule og arbeidsliv. Gjennom UE lærer elevane fag ved hjelp av praktiske og røyndomsnære metodar, og dei trenar på eigenskapar som blir viktige når dei skal ut i arbeidslivet: problemløysing, gjennomføringsevne, kreativitet og samarbeid.

Opplæringsavdelinga organiserer entreprenørskapforum, handterer søknader frå skulane og varetek samarbeidet med UE. Skuleåret 2023/2024 har 1 132 elevar delteke i ungdomsbedrift, 1 853 elevar har vore på inno

vasjonscamp og 1 420 elevar har fått opplæring i ØkonomiN. Det har vorte gjennomført lærarkurs i ungdomsbedrift for til saman 40 lærarar. 10 lærarar var med på kurs for nye ungdomsbedriftslærarar i regi av UE under NM for ungdomsbedrifter mai 2024.

Les meir i Kvalitetsmeldinga 2024