Fylkesordfører Ole Ueland åpnet Lysefjorden Forum.Lysefjorden Forum er etablert som ein ny møteplass for aktørar som arbeider med utviklinga av Lysefjordområdet. Forumet følgjer opp Regionalplan for Preikestolen og Lysefjordområdet, og er eit prioritert tiltak i handlingsprogrammet.
Oppstartsmøtet 9. april blei gjennomført som ein heildagstur med Rygerelektra til Flørli, og over 50 deltakarar frå kommunar, næringsliv, forvaltning og frivillige organisasjonar deltok.
Gjennom faglege innlegg, paneldebatt og samtalar undervegs fekk deltakarane innsikt i både moglegheiter og utfordringar knytte til utviklinga av Rogaland sitt viktigaste reiselivsområde.
Fyrste samling
Blant deltakarane på oppstartsmøtet var fylkesordførar Ole Ueland, assisterande riksantikvar Audun Skeidsvoll, konserndirektør for kommunikasjon, myndigheitskontakt og strategi i Lyse, Aslak Sira Myhre, varaordførar i Stavanger Henrik Halleland og Helge Kjellevold frå Lysefjorden Utvikling, samt interesserte og fagpersonar frå kommunar, næringsliv, forvaltning og frivillige organisasjonar.
Over 50 deltakarar var med på den fyrste Lysefjorden Forum-samlinga.Fylkesordførar Ueland opna denne aller fyrste samlinga, og var klar på at det er viktig med arenaer der ulike interesser kan møtas.
– Reiseliv handlar ikkje berre om besøkstal. Det handlar òg om arbeidsplassar, levande lokalsamfunn og berekraftig utvikling i heile regionen. Ingen aktør kan utvikle Lysefjordområdet åleine. Derfor treng vi ei felles arena for samarbeid, kunnskapsdeling og samordning, seier Ueland.
Sterk posisjon
Lysefjorden har ei sterk internasjonal stilling gjennom reisemål som Preikestolen, Kjerag, Flørli og Lysebotn. Samstundes stiller den store attraksjonskrafta krav til god besøksforvaltning, samordna innsats og langsiktig forvaltning av natur-, kultur- og landskapsverdiar, som blant anna har resultert i den relativt ferske regionalplanen som vart vedteken i fjor.
Den første samlinga i Lysefjorden Forum var lagt opp som en båttur i Lysefjorden med fleire stopp.Reiseliv og opplevingar er eitt av dei tre strategiske næringsområda i Rogaland. Gjennom Lysefjorden Forum skal kommunar, næringsliv og offentlege aktørar få ein felles arena for dialog, kunnskapsdeling og prioriteringar.
På programmet stod mellom anna berekraftig besøksforvaltning, skjøtsel langs fjorden, turistferje, utvikling av innfallsporten til Preikestolområdet og utviklingsmoglegheiter i Flørli. Deltakarane fekk òg presentert historia og potensialet i Flørli gjennom innlegg, omvising og vandring.
Utviklingsområde
Flørli er peikt ut som eit særleg prioritert utviklingsområde i regionalplanen. Området har stor verdi både som kulturmiljø og som opplevingsdestinasjon, men har òg behov for oppgradering, vedlikehald og ei meir heilskapleg forvaltning.
Flørli er eit av reisemåla som er med å gjere Lysefjorden attraktiv.Oppstartsmøtet viste at det er stort engasjement for Lysefjorden, eit breitt spekter av aktørar med felles interesse for Lysefjorden og eit tydeleg ønskje om å arbeide meir samla. Et samarbeid som kan gi konkrete resultat, både for lokalsamfunn, næringsliv og forvaltning.
– Med Lysefjorden Forum får vi ein møteplass der aktørane kan dele kunnskap, drøfte utfordringar og peike ut retning vidare. Det gir eit betre grunnlag for langsiktig arbeid med både besøksforvaltning og utvikling i området, seier Mette Fossan, samfunnsdirektør i Rogaland fylkeskommune.
Ambisjonen vidare er å omsetje innspel og diskusjonar til konkrete tiltak, tydelege prioriteringar og vidare framdrift fram mot neste samling i Lysefjorden Forum.
Det blei tid til både diskusjonar og erfaringsutveksling på båtturen i Lysefjorden. Her diskuterer f. v. Ståle Hustoft (leiar i Rogaland Bondelag), Helge Kjellevold (Lysefjorden Utvikling/Stiftelsen Preikestolen), Lars Riese (seksjonssjef bygnings- og fartøyvern i Rogaland fylkeskommune) og Kjetil Bergsvåg (avdelingssjef regional omstilling i Rogaland fylkeskommune).