Opna nye Ullestad bru 13. desember

Rogaland fylkeskommune har bygd ny bru over Ullestadåna på fylkesveg 4668 i Rivelandsveien i Årdal i Hjelmeland kommune. Vegen på begge sider av den nye brua er også ny. Onsdag 13. desember blei brua opna for trafikk.

Ny bru med nylagt asfalt og fjeller i bakgrunnen. Vi ser brua forfra - Klikk for stort bildeHer er nye Ullestad bru nettopp opna for trafikk. Den gamle brua ligg til høgre i bildet.

Den gamle brua har vore open under anleggsfasen, og trafikken blei ikkje hindra av byggearbeidet.

–Den gamle brua, som har ei mellombels bru over seg, skal me demontera og ta bort sommaren 2024. Me har også noko arbeid igjen med sideterreng, vegoppmerking og skilting, seier prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune Matthew Millington.

Byggestart for Ullestad bru var i juli 2023. Prosjektet fekk statleg tilskot på 6,6 millionar kroner, og vart elles finansiert av ordinære fylkesvegmidlar.

Dette er bygd:

  • ny bru
  • omtrent 300 meter ny veg, som ligg på begge sider av brua, og tilpassa ny veg til eksisterande veg
  • laga nye avkøyringar