Ønsker solcellepanel på dei fleste skolebygga

I sommar blei solcellepanel montert på Øksnevad vidaregåande skole. No skal fleire skolar få solceller på taket.

fire menn i forgrunnen og et tak med solcellepanel i bakgrunnen - Klikk for stort bildeSolcellepanelet ligg på taket til skolen sin ridehall. På bildet frå venstre ser du Jahn Viland som er driftsleiar, seksjonssjef for eigedom Steinar Håland, driftsoperatør Trond Vigre (bak) og områdeleiar i bygg- og eigedomsavdelinga Svein Magne Mathiassen.

– Øksnevad vidaregåande skole driv garden sin heile året, og skolen treng straum òg om sommaren. Derfor var Øksnevad ein god kandidat til å vere først ut, seier seksjonssjef for eigedom Steinar Håland.

Bygg- og eiendomsavdelingen har undersøkt alle skolebygg og ser at solcellepanel er eit godt alternativ for mange skolar. Fire skolar til med gode forhold er plukka ut – Haugaland, Jåttå, Randaberg og Bryne. I 2023 er det Haugaland vidaregåande skole som får solcellepanel. Panela blir bestilt i løpet av dei neste veikane og vil produsere 85 000 kWh i året.

– Viss dagens høge straumpris held seg, må vi vurdere om vi skal installere solcellepanel på meir enn éin skole i året. Eit solcellepanel har omtrent like lang levetid som eit tak, og det er smart å legge panel samtidig som eit tak blir renovert, seier Håland.

Bruker 25 prosent mindre energi

I 2010 la fylkesdirektøren fram Regionalplan for energi og klima i Rogaland, og sette nokre klare mål for bygga våre.

  • All elektrisk oppvarming skal skiftes ut med vassboren varme.
  • Alle nye bygg skal vere lavenergibygg.
  • Energibruken skal reduserast med minst 20 prosent i perioden 2010–2022.

Vi har sidan 2009 redusert energibruken i fylkeskommunale bygg med meir enn 25 prosent. Bygga bruker no 10 millionar kWh mindre per år enn for 13 år sidan – sjølv om bygningsmassen har auka.

Dei viktigaste og mest effektfulle tiltaka for å redusere energiforbruket i fylkeskommunale bygg, er gjennomført. Skal vi bli enda betre på energieffektivisering må vi sjå på løysingar for produksjon av energi, som for eksempel solcelleteknologi, seier bygg- og eigedomssjef Heidi Klaveness.

Olcellepanelene montert sammen på taket til ridehallen. - Klikk for stort bildeSlik ser solcellepanelene ut.

Seljar straum om ettermiddagen

12. september blei solcellepanela på ridehallen til Øksnevad vidaregåande skole skrudd på. Frå 12.–30. september produserte panela 16 prosent av energiforbruket til skolen. Når skolen sitt straumforbruk går ned om ettermiddagen, blei straum selt.

– Vi forventar at panela vil produsere i gjennomsnitt ti prosent av energiforbruket til skolen i løpet av eitt år. Skolen bruker omtrent 1 million kWh i straum, og panela vil produsere 120 000 kWh, seier områdeleiar i bygg- og eiendomsavdelingen Svein Magne Mathiassen som følger opp solcellepanelet på ridehallen.

Flisfyr og solfangarar

Solcellepanelet er ikkje det første tiltaket Øksnevad vidaregåande skole etablerer for å varme opp undervisningsbygga og drivhuset sitt. Skolen har vassboren varme og bruker flisfyr (restar av tre som ikkje kan brukast til noko) og solfangarar for å varme opp vatnet.

En hall med flisfyranlegg - Klikk for stort bildeFlisfyr-anlegget til Øksnevar videregående skole