Nytt dagsturhytteprosjekt med støtte frå Riksantikvaren

Riksantikvaren har løyvd 350 000 til eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland og Rogaland fylkeskommunar. Stikkord er dagsturhytter, kulturlandskap og kunnskapsdeling.

Prosjektet har fått namnet Knutepunkt for kunnskap, og hovudmålet er å utvikle dagsturhytter som arena for kunnskapsdeling om kulturhistoriske landskap. Bakgrunnen er mellom anna ei kartlegging av kulturlandskap som er av nasjonal interesse. Kartlegginga har resultert i eit registrerer hjå Riksantikvaren over slike landskap.

– Ønsket vårt er gjere kartlegginga over dei kulturhistoriske landskapa til noko meir enn eit register og arealplanverktøy. Vi trur at kombinasjonen fysisk aktivitet og flotte naturopplevingar gjævt godt grunnlag for ei god kunnskapsbasert oppleving, som ved å vere knytt til dagsturhyttene når ut til mange. Vi ønskjer at hyttene skal bli små «mikrokulturhus» ute i naturen, fortel Jan Geir Auestad, konstituert seksjonssjef for kulturarv i Rogaland fylkeskommune.

Hyttene har allereie eit turbibliotek og mange av dei blir brukte til kulturelle arrangement, men kulturlandskapsdimensjonen blir ny.

Tre område i Rogaland 

Prosjektet som no får støtte frå Riksantikvaren er eit forprosjekt som inkluderer elleve dagsturhytter, åtte kommunar og desse sju KULA-landskapa i Vestland og Rogaland:

  • Randabergkysten (Randaberg)
  • Ørsdalen-Kvitlen (Bjerkrheim)
  • Jelsa – Den historiske strandstaden (kulturlandskap av regional interesse i Suldal)
  • Den indre farleia – Fiskarbondelandskap, lynghei og farlei  (Alver og Austrheim)
  • Stadlandet – Det vêrharde lyngheilandskapet (Stad)
  • Selja – Helgensete, bispesete og klosteranlegg (Selja)   
  • Høyanger – Vasskraftlandskapet (Høyanger)

Dagsturhytteprosjektet starta i Sogn og Fjordane i 2016, men har sidan spreidd seg til heile  
Vestland og til fleire andre fylke, deriblant Rogaland.  

Digital og analog kunnskapsdeling 

Noko av målet med prosjektet Knutepunkt for kunnskap er å lage ein modell og ein portal for formidling og kunnskapsdeling av det kulturhistoriske landskapet knytt til den enkelte dagsturhytta. Heilt konkret vil det blitt sett ut skilt med informasjon og ein QR-kode, der folk kan gå på ei nettside og lese meir – og ikkje minst dele eigen kunnskap.  

– Turgåarar kan dele kunnskap via digitale tenester, men det er viktig for oss at det òg skal gå an å dele kunnskap analogt. Difor tek vi i bruk hytteboka. Der kan folk skrive inn historier frå området der hytta ligg, slik at andre kan lese, seier Atle Skrede, som er prosjektleiar.

Svært positivt med kunnskapsdeling 

I grunngjevinga for tildelinga skriv Riksantikvaren at dei vurderer prosjektet som eit godt tiltak for å løfte opplevinga av og forståinga for dei kulturhistoriske landskapa av nasjonal interesse.  

– Det er svært positivt at prosjektet legg vekt på kunnskapsdeling og ikkje berre formidling. Synleggjering av menneska sine erfaringar og kunnskap med å bu og leva i eit landskap er eit svært viktig element i oppfølginga av landskapskonvensjonen, skriv Riksantikvaren i tilsegnsbrevet sitt til Vestland og Rogaland.

Forprosjektet har mål om å vere på plass i løpet av sommaren.