Ny rådgivingsteneste for bygningsvern

Eigarar av verneverdige bygningar i Ryfylke og Haugalandet skal no få tilbod om gratis rådgiving i samband med restaurering og vedlikehald av gamle bygningar. Arkitekt Simen Bie Malde er første rådgivar i pilotprosjektet.

Bygningsvernrådgivar Simen Bie Malde. Foto - Klikk for stort bildeBygningsvernrådgivar Simen Bie Malde Elisabeth Figenschou, Ryfylkemuseet

Rogaland fylkeskommune har starta ei ny bygningsvernrådgivingsteneste i samarbeid med Ryfylkemuseet og Haugalandmuseet. Etableringa av eit slikt lågterskeltilbod med bygningsvernrådgivarar er eit av tiltaka i den nye regionalplanen for kulturmiljø som vart vedteken av fylkestinget i juni.

Skal sikra kulturarven

– Det overordna målet med denne nye tenesta er å bidra til å sikre vår kulturarv, i form av eldre bygg og anlegg. Bygningsvernarven er ein viktig del av vår samfunnshistorie som må takast vare på. Om me ikkje gjer dette, så mister me noko av særpreget i både bygd og by. Dette har òg eit viktig klimaaspekt i seg. Me må i mykje større grad bevare og restaurere i staden for å rive og bygge nytt. Eg håper at vi gjennom å gi råd og rettleiing kan hjelpe folk til å restaurere og halde bygga sine ved like, seier bygningsvernrådgivar Simen Bie Malde.

Handverkar ute på synfaring. Foto - Klikk for stort bildeDen nye tenesta tilbyr gratis synfaring og rådgiving for eigarar av verneverdige bygningar.

Pilotprosjektet er finansiert av Rogaland fylkeskommune og skal driftast av musea. Simen Bie Malde, arkitekt og bygningsvernrådgivar er tilsett ved Ryfylkemuseet. I lag med handverkarane på museet skal han gi råd til huseigarar i kommunane Hjelmeland, Sauda, Suldal, Kvitsøy, Strand og delar av Sandnes og Stavanger (gamle Forsand, Rennesøy og Finnøy kommunar).

Frå januar 2024 vert det starta  rådgivingsteneste for eigarar av gamle hus òg på Haugalandet, i samarbeid med Haugalandsmuseet.

Tilbodet er i hovudsak retta mot restaurering og vedlikehald av bygningar, ikkje ombygging og utviding/tilbygg. 

Positiv respons 

Handverkar blandar linoljemaling. Foto - Klikk for stort bildeBygningsvernrådgivar Simen Bie Malde skal også tilby kurs, blant anna i linoljemaling. Øyvind Malmin

Bygningsvernrådgivaren i Ryfylke opplever at mange vil ta vare på det dei har, men at dei er usikre på korleis dei skal gjere det, og kva som er beste løysing. Folk er òg nysgjerrige på kva som finst av støtteordningar. 

– Det manglar ikkje på vilje blant folk, og stadig fleire ser verdien av å ta vare på eldre hus. Men, så er det mange som ikkje føler at dei har kunnskapen sjølv til å gjere dei beste vala. Då er det positivt at dei kan få råd frå folk som kan faget. Mange blir overraska over at husa er i betre stand enn dei trur, og at dei kan reparerast og fiksast, seier Simen.

Av ENØK-tiltak gjev han ofte råd om å prioritere vindtetting på vegger, mellom vegg og dører og vindauge, og isolering av tak og mot grunnen. 

 – Kva er ditt aller beste råd til huseigarar?

– Det er aldri farleg å spørje om råd. Det er mogeleg å redde og restaurere mykje meir enn ein gjerne trur, og viss du er usikker, ta kontakt med folk som kan dette, seier bygningsvernrådgivaren.

Gode erfaringar i andre fylke

Fleire andre fylke har allereie tilbod om bygningsvernrådgiving.

– Til dømes har både Agder, Vestland, Innlandet og Viken bygningsvernrådgivarar – eller senter i fylka sine. Dei har gjort mange gode erfaringar, og ein kan mellom anna sjå ein auke i samla mengd av tilskot til restaurering i dei fylka der dei har denne type rådgivingstenester, seier Kristian Valen, rådgivar i seksjon for kulturarv i Rogaland fylkeskommune.

Fylkeskommunen har sett av 1,5 millionar kroner til pilotprosjektet i 2023 og 2024. I 2025 skal tilbodet evaluerast, og målet er at rådgjevingstenesta blir utvida og eit fast tilbod frå 2026.

– Målet er å sikre gode rådgivingstenester innan bygningsvern for eigarar i heile fylket på sikt, seier Kristian Valen.

Meir informasjon om rådgivingstenesten