Mathea Mæland (17) valde vidaregåande etter besøksdag

For Mathea Mæland blei valet av vidaregåande skule enkelt etter at ho som ungdomsskuleelev fekk besøke Bryne vidaregåande skule.

Jente som smilar med kokkelue og kokkeuniform på eit kjøkken. Foto - Klikk for stort bildeMathea Mæland (17) er frå Frøyland og går på restaurant- og matfag på Bryne vidaregåande skule.

– Eg valde restaurant- og matfag på Bryne vidaregåande fordi det verka kjekt, og fordi det er mykje praktisk arbeid, fortel Mathea Mæland, som for to år sidan besøkte skulen medan ho gjekk på ungdomsskulen. 

Kvart år får fleire tusen ungdomsskuleelevar i Rogaland moglegheit til å besøke vidaregåande skular gjennom hospiteringsordninga. Ordninga gir elevane innsikt i ulike utdanningsprogram og bidreg til å synleggjere dei moglegheitene dei har etter grunnskulen.  

– Målet er å hjelpe elevane med å reflektere over eigne framtidsplanar og ta meir informerte val, forklarer Jo Wigelius, rådgivar i Karriereveiledningen i fylkeskommunen.

Bryne vidaregåande er ein av skulane som nyleg har hatt besøk av elevar frå nærliggande ungdomsskular. Denne gongen var det Mathea sjølv som fekk vise andre korleis det er å vere elev ved restaurant- og matfaglinja. Blant dei besøkande var Ariel og klassekameratane hennar frå Husabø ungdomsskule. Dei fekk utdelt kokkehattar med namna sine på og arbeidde saman med elevane på linja for å lage mat. 

– Når ein får eit innblikk i korleis dei ulike linjene fungerer, blir det kanskje lettare å ta eit val, seier Ariel (15) som har brukt morgenen på å lage pizza.

To jenter smilar med kokkelue i handa. Foto - Klikk for stort bildeAriel og Matilde er 15 år og går på Husabø ungdomsskule.
Ein person smørar pizzasaus på deig. Foto - Klikk for stort bildePå linja får dei prøve seg på å lage forskjellig mat.

Viktig erfaring for ungdomsskuleelevar 

Hospiteringsordninga, som vart innført i 2008, skal også sikra ein trygg overgang frå grunnskule til vidaregåande skula. Wigelius forklarer at ordninga har som overordna mål å gi elevane eit betra grunnlag for å velje vidaregåande skula, samtidig som ho styrkjar samarbeidet om karriererettleiingstenestene retta mot elevar i ungdomsskulen.

– For at besøksdagane skal bli så nyttige og lærerike som mogleg for elevane, er me avhengige av godt samarbeid med mellom dei vidaregåande skulene og ungdomsskulane, legg Wigelius til.

Han understrekar at elevane får mest ut av besøkdagar når ein brukar tid på å utforska kva for utdanningsmoglegheiter ein har på førehand.

– Dersom elevane førebur seg, finn ut kva utdanningsprogram dei ønskjer å besøkja, er nysgjerrige på kva for moglegheiter som ligg i desse og reflekterer over besøket i etterkant, trur eg dei vil få ein få mykje igjen for besøket.

Jente på kjøkken som lagar deig. Foto - Klikk for stort bildeMathea Mæland har lenge ønskja å gå på kokkelinja på Bryne vidaregåande skule.