Manglar læreplassar i helsefag: Oppfordrar kommunar og bedrifter

2248 lærlingar har fått læreplass i år, men innan helsefag er det framleis ein veg å gå.

Dame og mann ved vask. - Klikk for stort bildeHovudvekta av elevane som manglar læreplass er innan helsefagarbeiderfaget og barne- og ungdomsarbeiderfaget.

– Eg er stolt over fagutdanninga og alt det offentlege får til saman med private selskap. 95 prosent av yrkesfagelevane i fylket har fått plass i lærebedrifter, men vi gir oss ikkje før alle som er kvalifiserte har fått læreplass, seier fylkesordførar Marianne Chesak.

Ikkje for seint å opne dørene

I år er det registrert 129 søkarar utan læreplass. Hovudvekta av desse er innan helsefagarbeiderfaget og barne- og ungdomsarbeiderfaget.

– Eg vil gi ei klar oppfordring om å ta inn lærlingar, særleg innan helsefag, kor vi har størst mangel på læreplassar. Dei eit godt tilskot til bedrifta, samtidig som det sikrar fagfolk til bransjen. Det er ikkje for seint å opne dørene, seier fylkesordføraren.

Flere personer med arbeidsklær. - Klikk for stort bildeFylkesordfører Marianne Chesak i engasjert samtale med entreprenører og lærlinger på byggeplassen til nye Stavanger universitetssykehus. Marianne Chesak, fylkesordfører i Rogaland. Foto - Klikk for stort bildeMarianne Chesak, fylkesordfører i Rogaland

Oppteken av å vareta alle

Alle søkarane som ikkje har fått læreplass, får tilbod om VG3 fagopplæring i skole. I år har 107 søkarar takka ja til dette tilbodet. Søkarane som ikkje har svart eller svarer nei blir ringe opp av oppfølgingstenesta, som gir dei meir informasjon om tilbodet.

– Vi er oppteken av at alle blir vareteke og får eit tilbod. Hos nokre av dei som står utan læreplass kan det vere språkkvalifikasjonar eller andre hindringar som er vanskelege å kombinere med læreplass, seier seksjonssjef for opplæring i bedrift, Catrine Utne Pettersen.

Har tilsett læreplasskoordinatorar

Catrine Utne Pettersen - Klikk for stort bildeSeksjonssjef for opplæring i bedrift, Catrine Utne Pettersen.

Rogaland fylkeskommune jobbar kontinuerleg med å finne løysingar som kan bidra til at enda fleire elevar fullfører vidaregåande opplæring. Eit nytt tiltak som blei innført i år, er tilsettinga av læreplasskoordinatorar ved dei yrkesfaglege skolane i Rogaland. Dette er personar som jobbar med å identifisere sårbare elevar og planlegge gode overgangar til opplæring i bedrift. Dette arbeidet startar allereie første året (Vg1), i tett samarbeid med programfaglærarar og kontaktlærarar.

– Denne tidlege kartlegginga gir moglegheita til å tilpasse yrkesfagleg fordjuping på ein meir målretta måte og hjelpe elevane med å finne den riktige læreplassen. I tillegg gir læreplasskoordinatorane elevane støtte og motivasjon til å skrive søknader og trenar dei for jobbintervju, seier ho.

Interessert i å bli lærebedrift?

Det er ikkje vanskeleg å bli lærebedrift. To ting er viktige for å bli godkjent. Bedrifta di må ha relevante arbeidsoppgåver for lærlingen. I tillegg må bedrifta ha ein fagleg leiar som varetek opplæringsansvaret.

Er du interessert? Eller klar for å ta ein nærare samtale om moglegheitene for å bli lærebedrift? Då vil vi høyre frå deg.

Kontakt oss på fagopplaering@rogfk.no.