Kan ikkje akseptere nytt inntektssystem

Vestlandsrådet står samla bak ein tydeleg beskjed til regjeringa om at det foreslegne systemet ikkje kan aksepterast.

Mennesker i auditorium - Klikk for stort bildeVestlandsrådet er et politisk samarbeidsråd mellom fylkeskommunane i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal. Maren Ege Tjoflåt

- Verdiskapingsfylka langs vestlandskysten blir skadelidande om dette inntektssystemet blir innført.

Det seier fylkesordførarane i Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal.

Dei viser til ein rapport frå ei ekspertgruppe som har sett på korleis midlane kan fordelast mellom fylka når dei går frå 11 til 15 fylker i 2024.

Ekspertgruppa tilrår endringar som vil føre hundretals millionar frå Vestlandet i retning Austlandet og Finnmark. Rogaland og Møre og Romsdal taper 216 og 187 millionar kroner årleg, Vestland 82, om det nye inntektssystemet blir innført.

Fylkesordfører. foto - Klikk for stort bildeFylkesordfører Marianne Chesak

- Et stort tilbakeslag 

- Det ville bli eit stort tilbakeslag for Vestlandet med konsekvensar for både kollektivtilbod og vidaregåande utdanning. Vestlandsrådet har ei tydeleg forventning om at regjeringa stoppar innføringa av denne modellen, og vil gi tydeleg signal om det allereie no, seier leiar i Vestlandsrådet, Marianne Chesak.

Forslaget til nytt inntektssystem for fylkeskommunane er på høyring med frist for tilbakemelding 3. mars 2023.

Kontaktpersonar: