Gang- og sykkelveien på venstre side skal forlenges i 4,5 km nordover til Orreåna– Me gler oss til å komma i gang sånn at fotgjengarar og syklistar kjem tryggare og betre fram, seier prosjektleiar Ove Hansen i Rogaland fylkeskommune.
Gang- og sykkelvegen er 4,5 kilometer lang og skal gå parallelt med Nordsjøvegen, fylkesveg 507.
Prosjektet er ein totalentreprise. Det vil seia at entreprenøren skal prosjektera (planleggja jobben) før arbeidet kan byrja i august. Byggjetida er berekna å ta to år inkludert detaljprosjekteringa og etablering av rigg.
Best på pris og gjennomføring
Det kom inn tilbod frå seks tilbydarar innan tilbodsfristen 22. januar. Risa var best både på kriterium pris (50 prosent) og kriterium gjennomføring av oppdraget (20 prosent) men var ein god nummer to på kriterium klima og miljø (30 prosent). Totalt hadde Risa den høgaste poengsummen etter vekting av dei tre tildelingskriteria, og er kåra til vinnar av konkurransen med ein tilbodssum på 123 366 034 kroner eks. mva.
Prosjektet vart først lyst ut i mai 2025, men denne utlysinga trekte fylkeskommunen tilbake på grunn av ei uklar beskriving av kriteriet klima og miljø.
Den raude linja markerer kvar den nye gang- og sykkelvegen skal byggjast. Den blå linja er kommunegrensa mellom Klepp og Hå.Skal få steingard
Strekninga er ein del av Nasjonal Turistveg Jæren, som er kjent for steingardane sine. Fylkeskommunen skal derfor byggja opp igjen ein del steingardar på utsida av gang- og sykkelvegen langs delar av prosjektet.
Det skal også utførast arbeid for Klepp kommune, Lyse neo og Klepp Energi.
Dette skal byggjast
- 4,5 kilometer gang- og sykkelveg
- gatelys på strekninga
- fire haldeplassar – ei busslomme og tre kantstopp