Folkets Hus blir foreslått freda

Folkets hus i Sauda - Klikk for stort bildeFolkets hus i Sauda Benjamin Nordhagen

Fredingsforslaget for Folkets Hus i Sauda er lagt ut til offentleg ettersyn. 31. august er frist for å komme med merknader eller fråsegner.

I samsvar med kulturminnelova § 22 nr. 2 er fredingsforslaget for Folkets Hus i Sauda lagt ut til offentleg ettersyn.

Bakgrunn for fredinga

Formålet med fredinga er å bevare den arkitektoniske og kulturhistoriske verdien til Folkets Hus i Sauda, som eit kulturminne av lokal, regional og nasjonal verdi. Dei kulturhistoriske verdiane knyter seg til industri- og arbeiderhistorien, særskilt arbeidarklassen sin kamp for betre livsvilkår.

Bygningen skal varetakast som eksempel på ein samlingsstad for den tidlege arbeidarrørsla og som symbol for arbeidarklassen sin sosiale kamp. Dei arkitektoniske verdiane knyter seg til bygningen sine stiltrekk og estetiske kvalitetar. Bygningen har stiltrekk frå både nyklassisisme og funksjonalisme, med høg kvalitet på materialbruk og detaljering. Bygget sitt arkitektoniske uttrykk skal varetakast.

Fristen for å komme med merknader eller fråsegner er 31. august 2022.

Skal sikre bygningen sin arkitektur

Fredinga av eksteriøret skal sikre bygningen sin arkitektur. Både hovudstrukturen i den arkitektoniske utforminga og detaljar, så vel som fasadeløysing, opphavlege vindauge/dører, materialbruk og overflater skal opprettholdes. Fredinga skal vidare bevare rominndeling, bygningsdelar og overflater i det freda interiøret til bygningen.

Nyklassisisme og nye funksjonalisme

Bygningen er teikna av ein av Rogalands mest markante arkitektar, nemleg Gustav Helland. Helland var utdanna i Tyskland og arbeidet der i tolv år, før han slo seg ned i Stavanger, i byrjinga av første verdskrig. I perioden frå 1914 til 1960-talet var Helland svært aktiv, spesielt i Stavanger, men òg andre stadar i Rogaland. I Sauda var han òg svært aktiv og teiknet både Sauda sjukehus, Folkets Hus, Sauda rådhus og store delar av bygningsmassen i den nye bydelen Åbøbyen.

Folkets Hus er oppført i ei stilmessig brytingstid og har innslag av både nyklassisisme og den nye funksjonalismen, som gjorde seg gjeldande i Noreg på 1930-talet. Arkitekturen og materialvalet er eit symbol på kva ressursar det blei lagt i oppføring av bygningar knytt til industrien på første halvdel av 1900-talet. Dette til liks med andre bygningar knytte til industrien, som kraftstasjonen Sauda 3.

Industri- og arbeidarhistorie

Folkets Hus i Sauda representerer ein del av industri- og arbeiderhistoria som ikkje berre har vore avgjerande for utviklinga av Sauda, men som òg har sett avtrykk i den nasjonale historia. Noreg var på byrjinga av 1900-talet ein ung nasjon og det var viktig å bygge opp økonomien. Ein av områda det blei satsa på, var utnyttinga av vatn til kraft og industri knytt til dette. Denne industrien danna grunnlaget for utviklinga av stadar som Sauda, Odda og Rjukan.

Med ein auka industrialisering og urbanisering av Noreg blei ein stadig større andel av befolkninga tilhøyrande arbeidarklassen. Utover på 1900-talet vaks arbeidarrørsla fram med organisering i fagforeiningar og krav om betre arbeidsvilkår og høgare lønn. Dei mange møte- og forsamlingslokala, eller «Folkets Hus», som blei bygd i Noreg, er eit synleg bevis på arbeidarrørsla si viktige posisjon utover på 1900-talet.

Folkets Hus i Sauda er ikkje berre eit symbol på arbeidarrørsla si betydning i Sauda og Rogaland, men i heile landet. Bygget fortel ein viktig del av utviklinga av Noreg til eit moderne industrisamfunn på 1900-talet.

Har du merknader?

Eventuelle merknader blir sende til Rogaland fylkeskommune på e-post firmapost@rogfk.no innan 31. august 2022. E-posten merkast «freding av Folkets Hus i Sauda».

Folkets Hus i Sauda – Forslag om freding (PDF, 544 kB)

Dokumentasjonsvedlegg folket sitt hus (PDF, 5 MB)