Fem omkom i trafikken i Rogaland

I 2025 mista fem personar livet i trafikken i Rogaland, mot seks i 2024. Totalt i fjor omkom 111 personar på norske vegar. Torsdag 8. januar minnast vi dei som omkom eller blei skada i trafikken.

Bildet viser mennesker som står i en sirkel utenfor Domkirken med fakler - Klikk for stort bildeFakkeltog utanfor Domkirken i Stavanger

Dagen blir markert med lysfaklar langs vegen, fakkeltog i Stavanger og Haugesund og minnegudstenester.

— Trafikkofra sin dag er ei viktig markering, og ei påminning om at vi må halde fram arbeidet med trafikksikkerheit i Rogaland. Sjølv om talet på omkomne i fylket er éin lågare enn i fjor, har talet på hardt skadde personar i trafikken auka. Slik vil vi ikkje ha det. Vi har ingen å miste, seier Leif Arne Moi Nilsen, som er leiar for fylkestrafikksikkerheitsutvalet (FTU). 

Totalt omkom 111 personar på norske vegar i fjor, 24 fleire enn året før.

Statens vegvesen lagar statistikk over ulukkene, og her kan du lese meir om utviklinga.

Lysmarkering i Rogaland

Torsdag 8. januar blir farten senka langs fleire vegar i Rogaland, og trafikantane får oppleve ei stille markering når dei køyrer forbi lysmarkeringene. Ein fakkel blir tent for kvar person som blei skada i rogalandstrafikken. Det er om lag 300 stykk. Og éitt kors blir sett opp for kvar av dei fem som omkom.

Program for dagen

15.00–17.00: Lysmarkering langs fleire vegar i fylket: 

  • Stavanger – lysmarkering på E39   
  • Haugesund – lysmarkering i Karmsundgata   
  • Egersund – lysmarkering i sentrum 
  • Bryne – lysmarkering i Arne Garborgs veg 
     

18.15–18.50: Fakkeltog til minne om trafikkofra i 2025 

Faklar blir utdelt før start til dei som ønskjer å gå i tog. 

  • Stavanger – frå Statens Hus, Lagårdsveien 44 til Stavanger domkirke   
  • Haugesund – frå Rådhusplassen til Vår Frelsers kirke 
     

19.00 – 20.00: Minnegudsteneste i Stavanger domkirke og i Vår Frelsers kirke i Haugesund 

Biskopen inviterer spesielt pårørande etter trafikkulukker, men minnegudstjenestene er opne for alle. 

20.00 – 21.00: Kirkekaffe i Stavanger domkirke og i Vår Frelsers menighetshus.  Alle er velkomne   

 

Trafikkofras dag blir arrangert av Fylkestrafikksikkerhetsutvalget (FTU) i samarbeid med Statens vegvesen, politiet, Trygg Trafikk Rogaland, NAF, Den norske kirke, Brannvesenet, Røde Kors Hjelpekorps, MA – Rusfri Trafikk, Norsk Folkehjelp, Personskadeforbundet LTN, Kåre Ekrene Trafikkskole, Helse Stavanger HF, Helse Fonna HF, Mesta, Presis Vegdrift, Høiens Trafikkskole, Bilservice Egersund og Haugaland Transportskole.