Fylkesvaraordførar Svein Erik Indbjo klipte snora og varaordførar Paul Løyning er med og held han.– Denne gang- og sykkelvegen er viktig for trafikktryggleiken i området, og ei investering som vil gjera kvardagen tryggare og meir tilgjengeleg for både gåande og syklande, sa fylkesvaraordførar Svein Erik Indbjo, som fekk æra av å klippe snora for prosjektet.
Samanhengande frå Saudasjøen til Sauda sentrum
Frå før var det gang- og sykkelveg mellom Saudasjøen og Treaskjæret, men ikkje vidare inn til Sauda sentrum. No kan mjuke trafikantar sykla og gå trygt heile vegen mellom Saudasjøen og Sauda.
Prosjektet er eit samarbeid mellom fylkeskommunen og Sauda kommune, og er finansiert av fylkesvegmidlar. Gang- og sykkelvegen har kosta 46,9 millionar kroner å planlegga og byggja. Entreprenør var AS Forskaling.
Dette er bygd:
- 750 meter ny gang- og sykkelveg
- nye kryss mot Strandavegen
- ny kollektivhaldeplass
- 250 meter ny køyreveg ved Fløgstadvika
Den nye gang- og sykkelvegen