– Eit svakare resultat i 2024 

Rogaland fylkeskommune fekk eit netto driftsresultat på 306 millionar kroner i 2024. Dette er litt betre enn budsjettert, men lågare enn måltalet. Resultatet er omtrent på nivå med andre fylkeskommunar.  

portrettbilde av en dame - Klikk for stort bildeFylkesdirektør Gunn Claire Westad

– Lågare inntekter frå skatt og høg pris- og kostnadsvekst er to forklaringar på resultatet, seier fylkesdirektør Gunn Claire Westad. 

Skatteinngangen svikta 

Det er hovudsakleg skatteinngangen som påverkar kva Rogaland fylkeskommune får i frie inntekter. Fylkeskommunane fekk samla sett om lag 1,3 milliardar mindre i skatteinntekter i 2024 samanlikna med revidert budsjett. Stortinget kompenserte delar av mindreinntektene i november 2024.  

Pris- og kostnadsveksten er vesentleg høgare enn veksten i frie inntekter. Kostnadsutviklinga er spesielt urovekkjande innan samferdsel.  

Stramt handlingsrom 

Pensjonskostnadene stig også utover det som blir kompensert, og fylkeskommunane må for fjerde år på rad konstatere at meirutgifter til demografi er undervurderte i makroopplegget.

 – Handlingsrommet i drift er stramt. Det er viktig å få fram, seier fylkesdirektøren.  

Ho viser til at netto driftsresultat er vesentleg lågare enn måltalet på 4 prosent av driftsinntektene. 

På plussida var 2024 eit godt år i verdas aksjemarknader, og Rogaland fylkeskommune fekk større avkastning her enn forventa.

Tærer på bufferkapital  

I desember blei det anslått at Rogaland fylkeskommune ville måtte bruke om lag 188 millionar kroner av disposisjonsfondet i 2024 for å nå målet om å kunne overføre 4 prosent av driftsinntektene til investeringar.  

Med eit positivt resultat på 29 millionar kroner blir bruken av disposisjonsfondet redusert tilsvarande.   

I økonomiplanen for 2025–2028 har fylkestinget vedteke å bruke 486 millionar kroner av bufferkapitalen til investeringar for å få så liten auke i gjeldsgraden som mogleg.    

Uvisse rundt inflasjon og renter  

Fylkesdirektøren minner om at å styre økonomien fornuftig, skaper økonomisk og politisk handlingsrom. 

Det er usikkerheit rundt inflasjon og renteutvikling framover. Behovet for omstilling som er skissert i økonomiplanen, kan bli enda større sett i lys av kostnadene knytt til drift av kollektivtransport. Nyleg blei det kjent at dette blir 264 millionar kroner dyrare enn forventa.  

– Det nye inntektssystem frå 2024, gjer også sitt til at Rogaland fylkeskommune kjem dårlegare ut av det økonomisk. Dette systemet får dessverre gradvis større verknad fram til og med 2027, seier Gunn Claire Westad.    

Dette viser tala  

Førebels urevidert årsrekneskap for 2024 (i millionar kroner):  

  • Rogaland fylkeskommune hadde eit netto driftsresultat på 306 millionar kroner. Det utgjer 2,9 prosent av driftsinntektene.  
  • Netto driftsresultat blei isolert sett styrkt med 15 millionar kroner som følgje av auken i premieavvik – pensjonspremiar som blir dekka i dei kommande åra.  
  • Netto avsetjing til bundne driftsfond (øyremerka tilskot) er 18 millionar kroner. Korrigert netto driftsresultat etter avsetjingar til bundne fond er om lag 288 millionar kroner. Samla overføring frå drift til investering er 426 millionar kroner.  
  • Skulane har dekka inn sitt akkumulerte underskot frå 2023 på knapt 12 millionar kroner, og tek med seg eit overskot til 2025 på 1,6 millionar kroner. Fagskolen Rogaland og vaksenopplæringa inngår i tala.  
  • Totale investeringar var 2 575 millionar kroner i 2024. Samla bruk av lån var 332 millionar kroner. Ubrukte lånemidlar auka frå 14 millionar kroner per 31. desember 2023 til 137 mill. kroner per 31. desember 2024.   

Fylkesdirektøren vil gjere ei analyse av økonomien i samband med behandlinga av årsrekneskapen i april 2025. Ei sak om finansiell målstyring og økonomiske framtidsutsikter blir behandla av fylkestinget i juni 2025.  

Årsrekneskapen er førebels til revisjonen har gjort sin vurdering. Fylkestinget skal vedta både årsmelding og årsrekneskap.