– Eit sterkare resultat i 2025

Rogaland fylkeskommune fekk eit netto driftsresultat på 575 millionar kroner i 2025, som er lik 5 prosent av brutto driftsinntekter i regnskapsåret. Netto driftsresultat korrigert for avsetjingar til bundne fond var 3,9 prosent. Resultatet er omtrent på nivå med andre fylkeskommunar.

portrettbilde av en dame - Klikk for stort bildeFylkesdirektør Gunn Claire Westad

– Handlingsrommet i drift er stramt. Det er viktig å få fram, seier fylkesdirektøren.  Det korrigerte resultatet er lyfta frå 2,7 prosent til 3,9 prosent i 2025.

– Høg realvekst i frie inntekter er den viktigaste forklaringa på det styrka handlingsrommet i drift frå 2024 til 2025, seier fylkesdirektør Gunn Claire Westad. I 2024 svikta skatteinngangen, slik at dei relative skilnadene blir større.

På plussida var også 2025 eit godt år i verdas aksjemarknader, og Rogaland fylkeskommune fekk større avkastning her enn forventa, men ikkje så god avkastning som i 2024.

I opphavleg budsjett vedtok fylkestinget å bruka ein større del av brutto driftsinntekter til eigenfinansiering av investeringar i året som gjekk, 5,3 prosent mot måltalet på minimum 4 prosent. I desember blei det anslått at Rogaland fylkeskommune ville måtte bruke om lag 227 millionar kroner av disposisjonsfondet i 2025 for å nå dette målet. Med eit positivt resultat (budsjettoverskot) på 84 millionar kroner blir bruken av disposisjonsfondet redusert tilsvarande.

Dette viser tala  

Førebels urevidert årsrekneskap for 2025 (i millionar kroner):  

  • Rogaland fylkeskommune hadde eit netto driftsresultat på 575 millionar kroner. Det utgjer 5,0 prosent av driftsinntektene.  
  • Netto avsetjing til bundne driftsfond (øyremerka tilskot) er 132 millionar kroner, etter korrigering av bruk av bundne driftsfond som gjelder investering. Korrigert netto driftsresultat etter avsetjingar til bundne fond er om lag 443 millionar kroner.
  • Samla overføring frå drift til investering er 630 millionar kroner.  
  • Skulane fekk tilbakeført sitt akkumulerte overskot frå 2024 på 1,6 millionar kroner, og tek med seg eit overskot til 2026 på 29,5 millionar kroner. Fagskolen Rogaland og vaksenopplæringa inngår i tala.  
  • Totale investeringar var 2 742 millionar kroner i 2025. Samla bruk av lån var 576 millionar kroner. Ubrukte lånemidlar blei redusert frå 137 millionar kroner per 31. desember 2024 til 115 mill. kroner per 31. desember 2025. 
  • Disposisjonsfondet utgjer 1 430,4 mill. kroner per 31. desember 2025. Bruk av disposisjonsfond gjorde at fondet gjekk ned frå 14,9 til 12,5 prosent av brutto driftsinntekter i 2025.
  • Lånegjelda i prosent av brutto driftsinntekter vart redusert frå 63,4 prosent til 59,3 prosent i 2025. For Rogaland fylkeskommune er det ein styrke framover at fylkeskommunen har lukkast med å redusera gjeldsgraden vesentleg.
     

Fylkesdirektøren vil gjere ei analyse av økonomien i samband med behandlinga av årsrekneskapen i april 2026. Ei sak om finansiell målstyring og økonomiske framtidsutsikter blir behandla av fylkestinget i juni 2026.  

Årsrekneskapen er førebels, til revisjonen har gjort si vurdering. Fylkestinget skal vedta både årsmelding og årsrekneskap.