Eit godt økonomisk resultat òg i 2022

I fjor fekk fylkeskommunen ekstra høge inntekter frå konsesjonskraft, og større skatteinntekter enn anslått. Dette gav eit betre økonomisk resultat enn forventa ved årets start. Fylkestinget la opphaveleg opp til at fylkeskommunen skulle tære på bufferkapital i 2022, men no vert bufferkapitalen i staden styrkte.

Jente skriver et mattestykke på en hvit tavle - Klikk for stort bilde

Netto driftsresultat blei på 730 millionar kroner. Korrigert for øyremerka tilskot blei resultatet på 884 millionar kroner.

Det gjer at målet om eit netto driftsresultat på fire prosent av driftsinntektene er oppnådd med god margin.

– Dette er positivt, og gir oss betre føresetnader på veg inn i ein krevjande økonomiplanprosess for perioden 2024–2027. Det gode resultatet for 2022 er i stor grad eit resultat av svært høge eingongsinntekter frå konsesjonskraft som følge av uvanleg høge straumprisar i fjoråret, seier fylkesdirektør Gunn Claire Westad. Ho viser òg til at skatteinngangen skaut i vêret mot slutten av 2022 på grunn av særskilde tilhøve året før rekneskapsåret.

– Når vi tek det ekstraordinære ut av reknestykket, er handlingsrommet i drift stramt. Dette er viktig å få fram, understrekar fylkesdirektøren.

Krisekassa kan byggast opp

Fylkeskommunen set no av midlar til disposisjonsfond, slik at «krisekassa» kan haldast oppe. I økonomiplanen for 2023–2026 har fylkestinget vedteke å bruke heile 356 millionar kroner av denne bufferkapitalen til investeringar for å unngå auka gjeldsgrad.

– Vi treng påfyll av reservar til uventa utgifter eller inntektsbortfall, og for å nå fylkestinget sine finansielle måltal, seier Gunn Claire Westad. Ho peikar på ei av overskriftene i økonomiplanbehandlinga: «Viss vi styrer økonomien fornuftig, skaper vi økonomisk og politisk handlingsrom».

Fylkesdirektøren viser til uvisse rundt inflasjon og renteutvikling, og krevjande sparetiltak som er vedtekne i økonomiplan 2023–2026. Usikkerheit knytt til ekspertutvalet sitt forslag til nytt inntektssystem for fylkeskommunane frå 2024, er ein faktor som krev særskilt merksemd.

Eit budsjettoverskot

– Òg sett i forhold til revidert budsjett var resultatet betre enn forventa. Den ekstra avsetninga til disposisjonsfond på 312 millionar kroner er «eingongspengar», og føresetnadene for vedteken økonomiplan er i hovudsak uendra, seier økonomisjef Øyvind Langeland.

Han viser til at det i årsrekneskapen for 2022 er overført 517 millionar kroner frå drift til investering i tråd med politisk vedtekne overføringar. Dette er 180 millionar kroner meir enn i opphaveleg budsjett. Økonomisjefen minner om at fylkestinget i juni 2022 la inn auka eigenfinansiering av investeringar i kraft av eit godt resultat òg i 2021.

– Fylkestinget har som utgangspunkt at vi skal overføre fire prosent av driftsinntektene frå drift til investering. Dette er i tråd med dei særskilde anbefalingane for fylkeskommunar. I 2022 var fire prosent av driftsinntektene omtrent 380 millionar kroner, seier Langeland.

Dette viser tala:

Førebels urevidert årsrekneskap for 2022:

  • Rogaland fylkeskommune hadde ein korrigert netto driftsresultat på 884,3 mill. kroner.
  • Dette utgjer 9,3 prosent av driftsinntektene.
  • Før korreksjon var driftsresultatet på 729,5 millionar kroner (7,7 prosent).
  • Korreksjonane dreiar seg om netto bruk av øyremerka tilskot, som til dømes påskjønningsmidlar via byvekstavtalen som skal bidra til at fleire syklar, går eller tek kollektivtransport.
     

Pandemien påverka økonomien òg i 2022

Pandemien har påført fylkeskommunen ei økonomisk belastning i form av tapte inntekter og auka utgifter på nokre område. Som i fjor er direkte konsekvensar kompenserte gjennom auka løyvingar frå staten. Mobilitetsleverandøren Kolumbus, Tannhelse Rogaland FKF og skolane får langt på veg dekt tapte inntekter og auka utgifter.

Skolane styrer økonomien godt

I driftsresultatet inngår eit overskot for skolane på om lag 75 millionar kroner. Fagskolen Rogaland og vaksenopplæringa inngår i talet. Dette overskotet tek skolane med seg vidare i 2023. Her inngår òg ubrukte midlar knytt til streiken i haust. Skolane sitt overskot er om lag uendra frå i fjor.

Skolane har brukt i overkant av 18 millionar kroner av driftsmidlane til å dekke eigne investeringar.

Drift og vedlikehald av fylkesvegar viser eit budsjettunderskot

I driftsresultatet inngår eit budsjettunderskot for fylkesvegar på om lag 39 millionar kroner. Eininga Veg og forvaltning tek i utgangspunktet ikkje dette underskotet med seg vidare i 2023. Meirutgiftene skuldast hovudsakleg avgrensingar frå investering til drift som inneber at delar av fornyingsprogrammet som tidlegare blei ført i investering no vert ført i drift. Isolert sett får fylkeskommunen tilsvarande mindreutgifter i investeringsrekneskapen. Andre faktorar som det ikkje er teke høgde for i investeringsbudsjettet, som høg prisvekst, trekker likevel opp utgiftene òg her.

Fylkesdirektøren vil legge fram ei analyse av økonomien i samband med handsaminga av årsregneskapen i april 2023.