– Eit betre økonomisk resultat enn forventa

Rogaland fylkeskommune fekk eit betre økonomisk resultat for 2023 enn forventa. Netto driftsresultat blei på 534 millionar kroner.

Foto. Dekorativt - Klikk for stort bilde Elisabeth Tønnesen

– Dette er positivt, og gir oss noko betre føresetnader på veg inn i ein krevjande økonomiplanprosess for perioden 2025–2028, seier fylkesdirektør Gunn Claire Westad.

Ho viser til at økonomiplanen som blei vedteken av fylkestinget i desember inneber store innhogg i bufferkontoen – eller disposisjonsfondet – fram mot 2027.

Skatteinngangen auka

Nok ein gong var det skatteinngangen som skaut i vêret mot slutten av året og medverka til det positive resultatet for 2023. Men ein kan ikkje rekne med at det same vil skje i 2024.

Fylkeskommunen betalte mykje høgare pensjonspremiar i 2023 enn det som blei dekt inn, og denne differansen må dekkjast i dei komande åra.

– Når vi tek det ekstraordinære ut av reknestykket, er handlingsrommet i drift stramt. Det er viktig å få fram, seier Westad.

Fylkesdirektøren viser til at budsjettert netto driftsresultat i 2024 er lågare enn måltalet på 4 prosent av driftsinntektene.

Må setje av bufferkapital

Gunn Claire Westad. Foto - Klikk for stort bildeFylkesdirektør Gunn Claire Westad.

I desember blei det anslått at Rogaland fylkeskommune ville måtte bruke om lag 120 millionar kroner frå disposisjonsfondet i 2023 for å kunne overføre 4 prosent av driftsinntektene til investeringar. No vart det i staden rom for å setje av 108 millionarkroner. «Bufferkontoen» kan dermed aukast.

I økonomiplanen for 2024–2027 har fylkestinget vedteke å bruke heile 689 millionar kroner av bufferkapitalen til investeringar for å få så liten auke i gjeldsgraden som mogleg.

– Bufferkapitalen er til for å ta hand om uventa kostnader eller uventa reduksjonar i inntekter, og er ein del av fylkestinget si finansielle målstyring etter kommunelova, seier Gunn Claire Westad.

Uvisse rundt inflasjon og renter

Ho peikar på ei av overskriftene i økonomiplanbehandlinga: «Viss vi styrer økonomien fornuftig, skaper vi økonomisk og politisk handlingsrom».

Fylkesdirektøren viser til uvisse rundt inflasjon og renteutvikling, og krevjande sparetiltak som er vedtekne i økonomiplan 2024–2027.

— Vi har også fått eit nytt inntektssystem frå 2024, som gjer at vi kjem dårlegare ut av det økonomisk enn fylkestinget hadde rekna med.

Dette viser tala

Førebels urevidert årsrekneskap for 2023 (i millionar kroner):

  • Rogaland fylkeskommune hadde eit netto driftsresultat på 534 mill. kroner. Dette utgjer 5,2 prosent av driftsinntektene.
  • Netto driftsresultat blei isolert sett styrkt med 195 mill. kroner som følgje av auken i premieavvik – pensjonspremiar som blir dekka i dei kommande åra..
  • Netto avsetning til disposisjonsfond er 108 mill. kroner.
  • Netto bruk av bundne driftsfond (øyremerka tilskot) er 103 mill. kroner. Samla overføring frå drift til investering er 529 mill. kroner. Noko av dette skriv seg til bruk av bundne driftsfond.
  • Skulane har brukt opp sitt akkumulerte overskot frå 2022 på om lag 73 mill. kroner, og tek med seg eit underskot til 2024 på knapt 11 mill. kroner. Fagskolen Rogaland og vaksenopplæringa inngår i tala.
  • Totale investeringar var cirka 2 920 mill. kroner i 2023. Samla bruk av lån var 518 mill. kroner.

Fylkesdirektøren vil gjere ei analyse av økonomien i samband med behandlinga av årsrekneskapen i april 2024. Ei sak om finansiell målstyring vert også behandla av fylkestinget i april 2024.

Årsrekneskapen er førebels til revisjonen har gjort sin vurdering. Fylkestinget skal vedta både årsmelding og årsrekneskap.