Desse vinterstengde vegane opnar noMåndag 28. april klokka 14.00 opna vegen frå Breiborg (Tverrdalen) til Røldal. Vegen har vore vinterstengd sidan desember i fjor. Publisert av Eilin Tvedt Gundersen Publisert 25.04.2025 07.54 Saudafjellet– I samråd med geologar opnar vi i år vegen over Saudafjellet litt tidlegare enn planlagt. Det kan kome «kalving» frå brøytekantane, altså små utglidingar av snø, i den første tida etter opning. Vi oppmodar difor dei som køyrer på vegen om å vere merksam på dette, seier byggeleiar i Rogaland fylkeskommune Tor Arne Lillesund.Køyrer du over Saudafjellet og opplever kalving ber Lillesund deg varsle Vegtrafikksentralen på telefon 175 slik at fylkeskommunen snarast mogleg får entreprenøren til å ordne opp.LysevegenAgder fylkeskommune er ferdige med fresinga av Lysevegen og jobbar no med å fikse nokre skadar i tunnelen, samt nokre autovernskadar. Vegen opnar 1. mai.SuleskardvegenSuleskardvegen er ikkje brøyta enno, men sidan det er så lite snø reknar Agder fylkeskommune med at det ikkje blir noko problem å opne vegen 21. mai. På grunn av vernereglane for villreinstammen skal vegen vera stengd kvar vinter frå og med 1. november til og med 20. mai.Saudafjellet