292 000 kroner til årets TV-aksjon 

Lege holder tre fingre opp forran et lite barn på en sykehusseng - Klikk for stort bilde Foto: Vincenzo Livieri

Rogaland fylkeskommune gir 292 000 kroner til årets TV-aksjon som går til Leger uten Grenser. Beløpet svarer til 60 øre per innbyggar.

Pengane som blir samla inn til NRKs TV-aksjon 2022 går til Leger Uten Grensers arbeid for å gi livreddande helsehjelp og medisinar til menneske som treng det mest. Med årets TV-aksjon ønsker Leger Uten Grenser å bidra til å førebygge epidemiar og behandle kjende og ukjende sjukdommar i fire land: Bangladesh, Den sentralafrikanske republikk, Den demokratiske republikken Kongo og Sierra Leone. Midla frå TV-aksjonen skal gi vaksinar, tilgang til livreddande medisinar og helsehjelp.

23. oktober

Årets TV-aksjon går av stabelen søndag 23. oktober. Rogaland fylkeskommune gir kvart år eit økonomisk bidrag til TV-aksjonen. I 2018 auka fylkesutvalet beløpet frå 50 øre til 60 øre pr. innbyggar. Årets bidrag er på totalt 292 000 kroner og blei vedteken av fylkesutvalet 30. august.

Hjelper dei som treng det mest

TV-aksjonen NRK har vore arrangert kvar haust sidan 1974 og bli rekna som den største dugnaden i verda. Leger utan Grenser er ein nøytral og uavhengig medisinsk hjelpeorganisasjon som reddar liv og lindrar naud. Organisasjonen hjelper dei som treng det mest. Leger utan Grenser har prosjekt i rundt 70 land kvart år, men på grunn av korona-pandemien har dei vore til stades i langt fleire land sidan 2020.