Elev- og lærlingombod

Elev- og lærlingombodet jobbar for å sikre rettane dine som elev og lærling. Du kan spørje om alle rettane dine og plikter. Ombodet hjelper deg med enkeltsaker viss du treng det. Elev- og lærlingombodet jobbar òg for retten din til eit godt skolemiljø eller arbeidsmiljø.

Fungerande ombod

Torleif Askedal vikarierer som elev- og lærlingombud fram til 30. juni 2024. 

Kontaktinformasjon: 

Telefon: 99 71 19 02

E-post: Torleif.askedal@rogfk.no

Kven kan kontakte elev- og lærlingombodet?

  • elevar, foreldre og andre rundt eleven
  • lærlingar og lærekandidatar
  • skoleleiarar og andre tilsette i skole og bedrift
  • organisasjonar som ønsker innspel i arbeidet med å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø

Kva gjer elev- og lærlingombodet?

  • snakkar med deg om saka di
  • rettleiar og hjelper i å løyse utfordringar
  • gir deg konkrete svar på rettar, moglegheiter og plikter
  • bidreg til å styrke medverking i opplæringa
  • arrangerer kurs i samarbeid med elevråd, skole eller andre foreldre
  • bidreg på kurs og rettleiing av tilsette i skole og bedrift
  • samarbeider med ulike organisasjonar, for eksempel Elevorganisasjonen, Ungdommens fylkesråd i Rogaland, skolehelseteneste eller andre
  • tek opp større og prinsipielle saker med politikarane og administrasjonen

Elev- og lærlingombodet har teieplikt og er ein uavhengig ressursperson. Saker du tek opp med elev- og lærlingombodet vil ikkje bli teke vidare utan at du er einig.

Elev- og lærlingombod 

Kristin Gribbestad

Portrettbilde av Kristin Gribbestad - Klikk for stort bilde

Les meir om omboda i Noreg.