Regionale frivillige organisasjonar innan kulturfeltet i Rogaland

Regionale frivillige organisasjonar skal ha gode og føreseielege rammevilkår. Det frivillige organisasjonslivet skal vera tilgjengeleg for alle, prega av mangfald og kunna arbeida fritt og sjølvstendig.

Søknadsfrist er 1. desember kvart år

Søknadsskjema

Kven er tilskotsordninga for?

Tilskotsordninga gjeld regionale frivillige organisasjonar.

Tilskotsordninga gjeld ikkje organisasjonar som kan få støtte frå statlege organ på regionale nivå, til dømes politiske parti, trus- og livssynssamfunn og brukarorganisasjonar innan spesialisthelsetenesta som kan få støtte frå Helse Vest eller Statsforvalteren.

Krav til søknaden

For å få tilskot må organisasjonen ha tilstrekkeleg regional utbreiing, det vil seia anten medlemmar i 9 kommunar, eller lokallag i minst 3 kommunar i Rogaland. Eit lokallag må ha eigne vedtekter, eige årsmøte, eige styre, som vert valt av og mellom medlemmane, og eiga årsmelding. Det vert telt eitt lokallag per kommune, og har eit lokallag medlemmar i fleire kommunar, vert det rekna som eitt lag.  

Organisasjonen må ha minimum 100 betalande medlemmar i Rogaland for å få tilskot. Som medlem vert rekna personar som har meldt seg inn individuelt og betalt ein kontingent på minimum 50 kroner.

Nokre regionale organisasjonar har større omfang enn Rogaland fylke, med medlemmar/lokallag utanfor fylkesgrensa. Desse vil verta trekte frå ved utmåling av tilskotet.

​Retningslinjer

Retningslinjer  (PDF, 263 kB)

Artikkelliste