Suldal kommune - Bjødlenuten

Suldal kommune si dagsturhytte - Klikk for stort bilde Suldal kommune

Dagsturhytta ligg plassert på Bjødlenuten med vidt utsyn over Suldalsosen. 

Om hytta

  • Ope: heile året
  • Sjølvbetening: ja
  • Overnatting: nei
  • Passer for: barn og vaksne
  • Turavstand: 2,4 km frå parkering til hytta
  • Universell utforma tilkomst: nei
  • Toalett: ja
  • Bålpanne: nei

Tilkomst og parkering 

Dagsturhytta på Bjødlenuten ligg ved tettstaden Suldalsosen i Suldal kommune. Du finn parkering mellom matbutikkane på Suldalsosen ved Suldalsvegen 1617.

Du kjem deg til dagsturhytta med kollektivtransport om du tek hurtigbåt frå Stavanger til kommunesenteret Sand og buss til Suldalsosen. Ver merksam på at det er få avgangar pr. dag.

Turbeskriving

Turen startar på veg i lettgått terreng frå parkeringsplass ved matbutikkane på Suldalsosen. På vegen mot Stråpa kryssar du brua over Suldalslågen, og ca 200 meter etter brua svingar du til høgre mot Stråpa. 

Etter ca. 1 kilometer svingar du venstre og går vidare på traktorveg med jevn stigning oppover lia. Etter ca 600 meter på traktorvegen kryssar du bekken og svingar venstre, og vegen går etter kvart over til sti som går opp til hytta på Bjødlenuten.

Avstand

Turen frå parkeringsplassen til hytta er 2,4 km og det tek om lag 45 minutt for ein vaksen person å gå. Beregn meir tid om du har med deg barn. Hytta ligg 305 meter over havet og det er rundt 225 meter stigning på turen opp til hytta.

Kontaktperson i Suldal kommune:

Aud Marit Hauge, kultursjef, telefon 992 93 914 eller epost Aud.Marit.Hauge@suldal.kommune.no

Kart

Til toppen