Klepp kommune – Frøya

Dagsturhytta i Klepp ligger like ved Frøylandsvatnet - Klikk for stort bilde Egil Bærheim

Om hytta

  • Ope: heile året
  • Sjølvbetening: ja
  • Overnatting: nei
  • Passar for: barn og vaksne
  • Turavstand: 3 kilometer tur/retur
  • Universell forma tilkomst: ja

Tilkomst og parkering

Med tog eller buss er det enklast å komme til og frå togstasjonen på Klepp stasjon.

Med bil anbefalast parkeringsplassen på Gunnarsberget v/Klepp stasjon. I tillegg er det parkeringsmoglegheiter i Njåskogen og ved Sandtangen i Bryne.

Ein har fem ruter som leiar til dagsturhytta Frøya som ligg på Steintangen ved Frøylandsvatnet.

  1. Frå parkeringsplassen ved Gunnarsberget er det merka sti fram til hytta ca. 1,5 km ein veg.
  2. Frå Njåskogen over Midgardsormen. Derifrå er det merka sti til hytta.
  3. Frå Laland over jernbanebru. Hytta ligg like aust for turvegen langs vatnet.
  4. Frå Vardheia under jernbanen følger ein turvegen nordover langs vatnet.
  5. Frå Sandtangen følger ein turvegen nordover i ca. 3,5 km langs vatnet.
    Hytta ligg like ved vatnet og det er derfor òg mogleg å komme med kajakk eller kano over vatnet.

Turbeskriving til hytta

Hytta ligg i tilknyting til turvegen som går langs Frøylandsvatnet gjennom heile Klepp kommune. Frå Gunnarsberget er vegen skilta "Frøya". 

Det er oppgruset turveg heilt fram til hytta, så han er tilgjengeleg for alle. Hytta ligg heilt nede med vasskanten med flott utsikt over vatnet.

Avstand

Frå Gunnersberget er det merka sti fram til hytta, ca. 1,5 kilometer ein veg.

Kart

Kontaktperson Klepp kommune:

Egil Bærheim, fagkonsulent park og landskap
E-post: Egil.Barheim@klepp.kommune.no Mobiltelefon 479 04 230

 

Til toppen