Hjelmeland kommune - Fisterbu

Dagsturhytta Fisterbu i Hjelmeland kommune ligg nydeleg plassert på 385 høgdemeter med flott utsikt ut over øyene i vest.

Utsikt fra Fisterfjellet og Hjelmeland kommunes dagsturhytte - Klikk for stort bildeUtsikt fra Fisterfjellet og Hjelmeland kommunes dagsturhytte Hjelmeland kommune

Oppdag Fisterbu

  • Ope: heile året
  • Sjølvbetening: Ja
  • Overnatting: Nei (men det er råd å låna hengekøyer i hytta og overnatta ute)
  • Passar for: Barn og vaksne
  • Turavstand: 2,8 km frå Fister skule og 1,3 km frå Solbjør
  • Universell utforma atkomst: Nei, turen går på sti i terrenget
  • Toalett: Ja
  • Bålpanne: Ja
  • Vedovn: inne i hytta, ta gjerne med egen ved

Tilkomst og parkering

Se kart

Om du kjem frå Tau og Årdal, svingar du av riksveg 13 og inn på Fistervegen i Fisterkrysset. Om du kjem frå Hjelmeland, svingar du av riksveg 13 og inn på Fistervegen i Kleppakrysset. Det er skilta til Fister begge stader. Når du kjem fram til Fister, svingar du av Fistervegen og opp til Fister skule ved Joker-butikken. Det er skilta til skulen. Det er råd å parkera ved Fister skule og fortsetja opp Solbjørvegen til turstien og Fisterbu, eller du kan køyra til parkeringsplassen på Solbjør og gå ned vegen att til punktet der turstien startar.

Skildring av turen til hytta

Frå Fister skule er det relativt bratt opp til stien sitt startpunkt ved Fladamark, men Solbjørvegen er laga i hårnålssvingar som gjer at lia ikkje blir opplevd som så bratt som ho er.
Frå parkeringsplassen på Solbjør går vegen slakt nedover til Fladamark. Stien gjennom skogen frå Fladamark til Fisterbu stig jamt utan å vera veldig bratt. Fisterbu ligg 385 meter over havet. 

Avstand

  • Fra Fister skule til Fisterbu: 2,8 km 
    Startpunktet ved parkering her ligger 63 meter over havet
  • Fra Solbjør til Fisterbu: 1,3 km
    Startpunkt ved parkering ligger 284 meter over havet

 Kontakt

Magnar Riveland
kulturleiar i Hjelmeland kommune

E-post: magnar.riveland@hjelmeland.kommune.no

Telefon: 40 43 91 53