Trafikksikker fylkeskommune

Rogaland fylkeskommune er sertifisert som Trafikksikker fylkeskommune av Trygg Trafikk.

Tre damer og to menn står oppstilt med to runde plaketter med teksten Trafikksikker fylkeskommune - Klikk for stort bildeTil venstre står Harald Heierås og Elisabeth Wallace Håland fra Trygg Trafikk, fylkesordfører Ole Ueland Hannah Orstad Johnsen og fylkesdirektør Gunn Claire Westad

Trafikksikker fylkeskommune er eit kvalitetsstempel som viser at fylkeskommunen jobbar systematisk og heilskapleg med trafikksikkerheit på tvers av heile organisasjonen. I Rogaland er alle kommunane, med unnatak av to, godkjende som Trafikksikker kommune. Vi er den 7. fylkeskommunen som er blitt godkjend.

Å ha dette sertifikatet er særleg viktig for ein fylkeskommune som mellom anna er skuleeigar, eigar av kollektivselskap og vegar. Men det er også i rolla som arbeidsgjevar, regional utviklingsaktør, planmyndigheit og tilretteleggjar for kultur, at fylkeskommunen kan jobbe for betre trafikksikkerheit. Fylkeskommunen har også eit stort ansvar for folkehelsa i fylket, og trafikksikkerheit er ein del av dette arbeidet.