Ansattes reisevaner - mobilitetsplan

Fylkeskommunen ynskjer å leggje til rette for at flest mogleg skal kunne gå, sykle eller reise med kollektivtransport til og frå jobb og på reiser i arbeidstida. Difor har vi laga ein mobilitetsplan for administrasjonen. Denne er eit verktøy for å jobbe med reisevanane våre.

Tre syklister med hjelm sykler mot kamera på rødt dekke. - Klikk for stort bilde

Mobilitetsplanen presenterer hovudlinjene i korleis vi reiser i dag, kva vi har av tilbod innan mobilitet, mål for reisene våre framover og kva tiltak vi skal jobbe med for å nå måla våre. I denne omgangen gjeld mobilitetsplanen for administrasjonen.

– Vi gjer allereie mange gode tiltak for å leggje til rette for at tilsette kan la bilen stå, men vi ønskjer å bli endå betre, seier fylkesdirektør Gunn Claire Westad.

Reisene våre i dag

Far med sykkel går sammen med to barn på vei til skolen - Klikk for stort bilde

Tilsette på Nord-Jæren har allereie gode reisevaner der 74 prosent av dei tilsette syklar, går eller reiser med kollektivtransport til og frå jobb, men vi kan bli endå betre. I Breidablikkgården i Haugesund er det 35 prosent som syklar, går eller reiser med kollektivtransport til og frå jobb.

Mål for korleis vi reiser

For Fylkeshuset er målet at minst 85 prosent skal gå, sykle eller reise med kollektivtransport til og frå jobb innan år 2027. For Breidablikkgården er målet at minst 45 prosent skal gå, sykle eller reise med kollektivtransport til og frå jobb innan år 2027. Mobilitetsplanen set også mål om færre bilturar og flyreiser på reiser i arbeidstida.

Litt om tiltaka

Tiltaka som er føreslått er basert på funn i kunnskapsgrunnlaget og innspel frå kollegaer. Dette er tiltak som er viktige å jobbe med for å nå måla våre.

  • Døme på tiltak er:

    • å halde fram som HjemJobbHjem-bedrift
    • enkel tilgang til kollektivbillettar, sykkel og tenestebil for reiser i arbeidstida
    • betre informasjon om tilbodet som finst
    • å jobbe for betre kvalitet og nok kapasitet på sykkelparkering og
      garderobefasilitetar
    • haldningsarbeid og kampanjar
    • leasing av elsyklar og service på syklar

Retningslinjer for reiser i arbeidstida

Mobilitetsplanen inneheld også retningslinjer for reiser i arbeidstida. For alle reiser skal det gjerast ei vurdering av klimaavtrykk, kostnadar, tidsbruk og omdøme. Er dette ei reise eg kan gå eller sykle på? Er kollektivtransport ein moglegheit? Kan eg reise med langdistansebuss eller tog på lengre reiser?

Mobilitetsplanen tilsendt

Ønskjer du å lese heile Mobilitetsplanen vår kan du ta kontakt med Siri Jacobsen Sæverud og få han tilsendt. Kontaktinformasjon finn du under.