Samferdselsavdelinga

Samferdsel er ei av dei sentrale oppgåvene fylkeskommunen har som regional utviklingsaktør. Avdelinga legg til rette for investeringar i fylkesvegnettet og dessutan drift og vedlikehald av dette nettet. Vidare har avdelinga eit ansvar for den strategiske utviklinga av fylket sitt buss- og båt-tilbod. Desse aktivitetane er forankra i strategiske transportplanar utarbeidd av fylkeskommunen.

Fylkeskommunen har som mål å vidareutvikle alliansar, partnarskap og verkemiddel for å sikre gjennomføring av vedteken samferdselspolitikk. Dette inneber at fylkeskommunen samarbeider nært med dei statlege transportetatane, kommunar, næringslivet og andre samarbeidspartnarar om utvikling av transportsystemet i Rogaland.

Fylkeskommunen har òg ansvaret for løyve for person- og godstransport i fylket og dessutan brukargodkjenning for tilrettelagd transport.
Saksbehandlinga knytt til fylkeskommunen sine samferdselsoppgåver blir gjort av samferdselsavdelinga.