Retningslinjer for søkarar til undervisningsstillingar

Søknad blir sendt elektronisk. Originale vitnemål og attestar blir tekne med i eit intervju. Attestane skal innehalde opplysningar om praksis er i heil stilling eller delstilling og varigheit med dato frå og til.

Stillingane blir lønte etter gjeldande regulativ med frådrag av to prosent pensjonsinnskot til Statens Pensjonskasse.

Garantilønn og lønnstillegg for ansiennitet finn du på side 45  i hovudtariffavtalen-2020-2022. Det er i tillegg gitt moglegheit for individuell lønnsvurdering i spesielle tilfelle.

Vilkåra elles følger av opplæringslova av 17. juli 1998 nr. 61 og det som måtte bli bestemt i medhald av denne lov og elles av dei lovar, forskrifter, avtalar og reglement som gjeld alltid.

Departementet har i forskrift til opplæringslova kapittel 14, fastsett krav til kompetanse hos undervisningspersonalet og har elles gitt rettleiande bestemmingar om kva ein lærar bør ha for å kunne undervise i dei enkelte fag (rundskriv F-62/92 og F-6/94).

Innan allmennfag er kravet allmennlærar- faglærar eller lærarutdanning, med undervisnings-kompetanse (minimum årseining) i det/dei aktuelle fag.

Formelle krav innan yrkesfaglege studieretningar er relevante fagbrev, to års yrkesteoretisk utdanning (eks. teknisk fagskole), fire års praksis etter fagbrev og praktisk pedagogisk utdanning (PPU), eller relevant universitets/høgskoleutdanning eller faglærar/yrkesfaglærarutdanning. 

Ingeniørar/sivilingeniørar arkitektar/sivilarkitektar og siviløkonomar kan òg vere kvalifiserte til undervisning i vidaregåande skole.

Dersom det i enkelte tilfelle ikkje melder seg søkarar med dei nødvendige, formelle kvalifikasjonane for vanleg tilsetting, kan det bli aktuelt med tilsetting på vilkår (opplæringslova § 10-6a) eller tidsavgrensa tilsetting for skoleåret (opplæringslova §10-6). Den som blir tilsett må innanfor fagområdet sitt kunne tenestegjere ved fleire studieprogram ved skolen.

Merk at stillingane blir lyse ut med atterhald om at dei kan falle bort dersom det blir endringar i klassestrukturen eller det på annan måte oppstår endringar i stillingsbehovet.

Om nærare informasjon ønskes, kontakt den enkelte skolen.

Det krevst godkjend politiattest for stillingar i vidaregåande skolar.

Rogaland fylkeskommune har seks månaders prøvetid for alle stillingar.

Til toppen