• Hendelse

Verdiskaping på garden sine ressursar

Dato

Torsdag 17. september 2026

Tidspunkt

kl. 09.30 - 14.15

Sted

Øksnevad vidaregåande skole

Last ned kalenderfil (.ics)

På denne samlinga møter du bønder som har valt ulike vegar – med god utnytting av garden sine ressursar, foredling, direktesal og fleire bein å stå på. Vi får høyre om vala dei har teke, erfaringane dei har gjort seg, og kva som skal til for å skape inntekt. Vi får også høyre om tilboda som finst for deg som treng fagleg støtte eller nettverk innan lokalmat. Innovasjon Norge kjem med tips om innhald i gode prosjekt for å skape verdiar på mindre bruk.

Sauer på beite. Foto

Sted

Auditoriet på Øksnevad vgs, Jærvegen 990, 4351 Kleppe

Påmelding

Arrangementet er gratis. På grunn av lunsjservering ber vi om påmelding innan 15. september til annabell.pfluger@rogfk.no eller tlf 97613807.

Program

09.00: Kaffi og drøs

10.00: 

  • Velkomen, ved Annabell Pfluger, Rogaland fylkeskommune og Kjell Øystein Håkonsen, Øksnevad vgs, avdelingsleiar naturbruk.
  • Går det an å leve av ammeku? Ved Yngve Berntsen, Fjordfegarden
    Kjøt frå Fjordfegarden er etterspurt og selt lenge før dyra går til slakt. Utanom Vestlandsk fjordfe finns det utegris, nokre høns og bier på garden. Yngve er spesielt oppteken av beiting, jordhelse og dyrevelferd, og han fortel om korleis han har heldt byggjekostnadane låge.
  • Gladmat – meir enn ein festival
    Mange knytt «Gladmat» opp til Gladmatfestivalen. Gladmat har blitt mykje meir enn det. Korleis kan du nytta Gladmat sine tenester? 
  • Kompetansenettverk lokalmat  
    Kompetansenettverk kan hjelpe enten du er i oppstartfasen eller etablert og treng hjelp til vidareutvikling av produkt, med marknadsføring eller anna utfordringa. Du kan gå på kurs eller delta i besøksordning.

 

11.20 - 12.00: Lunsj

12.00 - 14.20: 

  • Grendamyrå – om å starte frå scratch til drift med mjølkekyr, utegris, foredling og gardsbutikk, ved Annelin Ersland Rygg  
    Grendamyrå er eit lite gardsbruk på Randaberg med jerseykyr, eige ysteri, utegris og gardsbutikk. Den nedfalne garden blei bygd opp att frå botnen. Driftsbygningen stod ferdig i 2025, og Annelin opplever stor etterspurnad etter produkta frå garden.
  • Me fyller opp kaffikoppane
  • Innovasjon Norge ved Aart van Zanten. Meir informasjon kjem.
  • Tre bein å stå på ved Torvald Hadland  
    Hadland økologiske gard er ein kulturhistorisk gard med sauedrift, Inn på tunet og «Steinjillt» i Time kommune. Hans fjerde bein blir kanskje den nyutgitte bonderomanen Forvaltaren. Torvald gjev nyttige tips om korleis han har utnytta naturgitte og menneskegitte ressursar dei snart tjue år han har vore bonde på Hadland.
  • Sofaprat med Yngve, Annelin og Torvald. Kolbjørn Anda leder samtalen.

Praktisk informasjon

Om stedet

Navn

Øksnevad vidaregåande skole