• Hendelse

Mobilisering for E 39 Vestlandsvegen

Dato

Onsdag 15. april 2026

Tidspunkt

kl. 10.00 - 15.00

Sted

Scandic Flesland Airport, Bergen

Korleis sikre satsing og vidare utbygging av E39 Vestlandsvegen i Nasjonal transportplan 2029-2040? Med denne utfordringa vil vi gjerne invitere deg til mobilisering i Bergen.

 


 

Vi ønskjer å drøfte innretning, organisering og viktige milepelar for prioritering av E39 Vestlandsvegen i Nasjonal transportplan 2029–2040.

I tillegg til Vestlandsrådet vil du her treffe representantar frå byar og kommunar, regionråd, nærings- og arbeidslivsaktørar, stortingspolitikarar og politisk leiing i samferdselsdepartementet.

På konferansen vil du mellom anna få presentert ein fersk rapport av Oslo Economics, med oppsummert kunnskapsgrunnlag for prioritering og satsing på utbygging av E39 Vestlandsvegen.

På programmet vil det og i regi av tenketanken Initiativ Vest bli presentert ein alternativ utbyggings- og finansieringsstrategi for vegstrekninga. 

Vennligst benytt lenka under for påmelding og registrering:

Påmelding

Det endelege programmet vil bli publisert og sendt ut seinare i god tid før konferansen.

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Arrangeres av

Vestlandsrådet

Om stedet

Navn

Scandic Flesland Airport, Bergen