Klimathon2024

Korleis kan kulturarven vår være en del av løysingen på klimatilpassing? Bli med 16. og 17. oktober når det blir Klimathon i Haugesund med klimatilpassing og kulturarv som hovudtema! 

Tidspunkt
Onsdag 16.10.2024 00.00 - torsdag 17.10.2024 00.00
Sted
Haugesund Folkebibliotek

Er løysinga på klimakrisa kulturbasert? 

Klimathon set fokus på klimatilpassing i norske kommunar – i 2024 retta mot ”kulturbaserte løysingar”. Me har lenge forstått at vi må tilpasse kulturarven for klimaendringane og at dette nødvendiggjer et godt samarbeid på tvers av forsking, forvaltning og samfunn generelt. Men korleis kan kulturarven og kulturlivet generelt hjelpe samfunnet til å tilpasse seg? Og kva må vi som gjere annleis for å støtte slike prosessar? På Klimathon 2024 samlar vi leiande klimaforskarar, avgjerdstakarar og kultur- og klimapraktikarar frå heile landet for å utforske krysningpunktet mellom klimatilpassing og både den materielle og immaterielle kulturarven i Norge. 

To samankopla spørsmål dannar utgangspunkt for gruppearbeidet under arrangementet:  

  1. Korleis kan den materielle kulturarven tilpassast et klima i endring? 
  2. Korleis kan kulturelle praksisar og kunnskapar, og stadane disse skaper, være en del av klimatilpassinga?  
     

Klimathon 2024 introduserer dermed eit nyskapande omgrep i klimaarbeidet – kulturbaserte løysingar. På Klimathon 2024 vil vi diskutere viktige spørsmål om korleis kulturbaserte løysingar kan sjå ut, og kva for utfordringar dei kan løyse i arbeidet med klimatilpassing. Heile arrangementet er basert på kunnskapsdeling og problemløysing på tvers av fag og sektor. Meir informasjon kommer.

Målgrupper

Klimathon 2024 er ein stad for dialog og konstruktivt samarbeid der det er mogleg å samarbeide med nye kollegaer og utvide kontaktnettverk på tvers av sektor og fag.

Vi inviterer deg som jobbar med klimatilpassing og/eller kulturarv i kommunen, fylkeskommunen, andre offentlege etatar, forsking, bedrifter og frivillige organisasjonar til å halde av datoane og bli med på to dagar med gruppediskusjonar, idéutveksling, fagleg påfyll og nye kjennskap frå heile landet! 

Grupper og påmelding

Klimathon er særskilt designa for spesifikke føremål, og vi er avhengige av å kunne setje saman grupper på tvers av fag, sektor og geografisk representasjon. Vi kan derfor ikkje garantere plass på Klimathon 2024 før rett etter registreringsfristen 14. september.

Det vil vere eit tak på maksimalt 80 deltakarar for å kunne handtere alle aktivitetane på en strukturert måte. Vi gir beskjed om du har fått plass innan 15. september. Vert vi for mange påmeldte, vil vi prioritere deltakarar for å oppnå breiast mogleg samansetting av erfaring, sektor og forvaltningsnivå i gruppene. Deltakarar som registrerer seg tidleg vil verte prioritert der det er mogleg. Det er gratis å delta.

Meld deg på til Klimathon 2024

Praktisk informasjon

Gruppesamarbeidet er eit av dei viktigaste elementa i Klimathon-arrangementet. Pass på at du kan delta begge dagane før du registrerer deg. Det blir felles middag 16. oktober på Lothes for de som ønsker det (påmelding krevst).

Overnatting og reise

Deltakarar bestiller sjølv reise og overnatting og dekker kostnader for dette. Vi har avtalt en rabattert pris på følgjande hotell:

Thon Hotell. Prisen på 1445 kr (inkl. frokost) (single use) gjeld bestillingar fram til 1. september eller så lenge det er kapasitet. Du bestiller rom anten på telefon 52 86 28 00 eller per e-post saga@olavthon.no. Ved booking er det viktig å oppgi id-nummer 30358409 og nemne Klimathon.

Quality Hotel Maritim. Prisen på 1850 kr (single use) gjeld oppgraderte premium rom fram til 1. oktober eller så lenge det er kapastitet. Bestill rom her.
 

Desse arrangerer Klimathon 2024:

Haugesund kommune, Rogaland fylkeskommune, Vestland fylkeskomune, NORCE - Bjerknessenteret for klimaforskning, CET - Senter for klima og energiomstilling, Norsk klimaservicesenter, Village Green og Nordadapt.