Bokn kommune – Kongsbu

Dagsturhytta Kongsbu i Bokn ligg i eit område med typisk opna kystlandskap, med utsikt mot Boknasundet og Tysvær i aust. 

Kongsbu i landskapet - Klikk for stort bilde

Kort om Kongsbu

    • Ope: heile året
    • Sjølvbetjening: ja
    • Overnatting: nei
    • Passar for: barn og vaksne i alle aldrar
    • Turavstand: Frå parkeringa ved Bokn kyrkje er det ca. 5 kilometer t/r uavhengig av om ein veljar å gå via turvegen, via Føresvik og deretter inn på turvegen eller å ta turen som ein rundtur (se meir forklaring nedanfor)
    • Universell forma tilkomst: Turen går på grusa traktorveg/sti heilt inn til hytta og er såleis framkommeleg med barnevogn. Vel ein turalternativ 1 går siste del av turen frå Føresvik tilbake til parkeringa ved Bokn kyrkje på asfalt. 
    • Toalett: ja
    • Vedovn: inne i hytta, ta gjerne med egen ved

Kart

Finn Kongsbu på kartet

Tilkomst og parkering

Turmålet er skiltet frå parkeringsplassane, ved Bokn kyrkje eller ved Bokn arena.

Frå Bokn kyrkje er det turveg som startar vis-a-vis parkeringsplassen, men ein kan òg gå langs vegen ned til Føresvik og deretter inn på turvegen frå byggefeltet rett ovanfor Føresvik.

Ved parkering på Bokn arena: følg vegen ned via Føresvik og deretter inn på turvegen.

Turmålet kan nåast med kollektivtransport. Kystbussen går gjennom Bokn kommune til og frå Stavanger, og næraste buss-stopp er Alvestadkroken. Følg vegen «Alvestadkroken» opp til «Føresvikvegen». I krysset Føresvikvegen og Grønnestadvegen kan ein velje om ein vil gå vidare på Føresvikvegen og starte turen ved Bokn arena eller gå opp Grønnestadvegen og starte turen ved Bokn kyrkje.

Turbeskriving til hytta

Ein kan starte turen frå to ulike stader.  Alternativ 1 (frå parkeringa ved Bokn kyrkje) er sirka fem kilometer tur/retur uavhengig av om ein går same veg tilbake, eller går ein rundtur. Turen startar då ved turvegen ved kyrkja, og på returen går ein vidare på turstien mot Føresvik og derifrå tilbake til parkeringa ved Bokn kyrkje. 

Alternativ 2 er sirka tre kilometer tur/retur og startar ved parkeringa ved kommunehuset (Boknatun) i Føresvik og går inn via turvegen som ligg rett nord for kommunehuset. Begge turalternativ er skilta. 

Turen går stort sett på veg/grusveg. Siste 500 meter inn til hytta er på traktorveg. Turvegen er opplyst, men om ein veljar å gå når det er mørkt må ein vere merksam på at det ikkje er lys på dei siste 500 metrane til hytta (traktorvegen). 

Går ein via turvegen går turen langs eit beiteområde og lett skogsterreng, ein veg som er lett kupert. Vel ein å gå via Føresvik går første kilometer av turen på vanleg veg ned til Føresvik, forbi klatreparken og inn på turvegen via byggefeltet ovanfor Føresvik. Turvegen går gjennom skog og vegen er lett kupert. Ut til hytta går ein på ein traktorveg. Frå turvegen og siste stistykke på traktorveg er det lurt å ha godt fottøy.

Avstand

Alternativ 1 er sirka 5 kilometer tur/retur, og alternativ 2 er sirka 3 kilometer tur/retur.

Bilder frå Kongsbu

Kontaktinformasjon