Tannhelse Rogaland

Jente er hos tannlegen - Klikk for stort bilde

Tannhelse Rogaland FKF har fylkeskommunen sitt ansvar for den offentlege tannhelsetenesta.

Oppgåvene er blant anna å gi gratis tannhelsehjelp til prioriterte grupper etter lov om tannhelsetenesta, gjere spesialisttenester tilgjengeleg for innbyggarar i fylket, og drive forsking og fagutvikling.

Eit overordna mål er å oppretthalde, betre og fremme tannhelsa i befolkninga. Difor er folkehelsearbeid eit viktig satsningsområde i Tannhelse Rogaland.

Tannhelse Rogaland har eigne nettsider

Gratis tannhelsehjelp

Alle barn og unge opp til 18 år, personar med psykisk utviklingshemming, eldre, langtidssjuke og uføre i institusjon eller heimesjukepleie, samt rusmiddelavhengige i institusjon, har rett til gratis tannhelsehjelp. Det same gjeld for dei som på grunn av rusmiddelavhengigheit får personleg assistanse, avlastning for pårørande eller legemiddelassistert rehabilitering, og for innsette i fengsel.

Unge som fyller 19–28 år i behandlingsåret, betaler 25 prosent av takstane fastsett av departementet. For dei med midlertidig opphaldsløyve i Norge, er landet dei kjem frå avgjerande for om eit butidskrav på fem år i Norge er gjeldande eller ikkje. 

I tillegg har fylkestinget vedteke at pasientar i poliklinisk psykiatrisk behandling og eldre som får pleie av pårørande, òg skal få gratis tannbehandling på offentleg tannklinikk.

Vaksne betalande pasientar er velkomne til dei offentlege tannklinikkane så langt det er ledig kapasitet.

Kontaktinformasjon

Tannhelse Rogaland FKF – administrasjonen
Tlf: 51 51 69 96 
E-post: firmapost@throg.no

Pasientførespurnader om timeavtalar og liknande må rettast til den enkelte tannklinikken. Sjå Tannhelse Rogalands nettside for kontaktinformasjon til tannklinikkane.

Artikkelliste