Elev- og lærlingombod

Alle elevar, lærlingar og lærekandidatar har etter opplæringslova rett til eit trygt og godt opplæringsmiljø. Elev- og lærlingombodet sikrar at desse rettane blir følgt opp, og støttar deg dersom noko ikkje fungerer som det skal.

Kven kan ta kontakt med oss?

  • elevar, føresette eller andre rundt eleven
  • lærlinger og lærekandidatar
  • tilsette i skule eller lærebedrift
  • organisasjoner og andre som arbeider med opplæring

Korleis me kan hjelpa deg

Me kan hjelpa deg med alt som handlar om opplæringa di, trivsel og rettar innan opplæring. Me:

  • snakkar med deg og lyttar til det du opplever
  • svarer på spørsmål om regelverk, rettar og plikter
  • rettleier og hjelper med å finna gode løysingar
  • rettleier deg i korleis du kan påverka eiga opplæring

Korleis me jobbar

Me jobbar for at du skal bli høyrd og teken på alvor, og ha ein reell innverknad på eiga opplæring. Det gjer me også ved å:

  • bidreg til samarbeid med skular og lærebedrifter for å styrkja kvaliteten i opplæringa
  • samarbeide med elevråd for å styrkja medråderett
  • jobbe saman med skular, lærebedrifter og andre aktørar for å sikra eit godt og trygt opplæringsmiljø
  • bidreg på kurs og rettleiing av tilsette i skule og lærebedrifter
  • ta opp større og prinsipielle saker med politikarar og administrasjon når det er nødvendig.

Uavhengig og gratis teneste

Me er ei uavhengig og gratis teneste for elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring i Rogaland. Det betyr at me ikkje er ein del av skulen eller lærebedrifta. Du kan snakka om oss utan at me tek noko vidare utan ditt samtykke. Me har teieplikt.

Elev- og lærlingomboda

Les meir om omboda i Noreg.