For å passa på at eigarskap i selskap og føretak blir utøvd på ein ansvarleg og transparent måte har me ein eigarskapspolitikk. Her finn du retningslinjer, strategiar og prinsipp som bidreg til å avklara roller og ansvar, sikra ryddige avgjerdsprosessar, reduserer risiko og fremjar openheit og føreseielegheit.
Eigarskapsmeldinga har saksnummer 144/2024.
Les Rogaland fylkeskommunes eigarskapspolitikk
Retningslinjer og prinsipp for eigarskapspolitikk vart reviderte og vedtekne i fylkestinget den 11. desember 2024. Saka blir behandla minst ein gong kvar valperiode, og gjeld fram til fylkestinget si neste behandling av saka.