Tilførselsveier nye SUS

Nye SUS skal stå ferdig i 2024. Rogaland fylkeskommune har ansvar for å bygge og fornye veien inn til sjukehuset fra Kristine Bonnevies vei. I prosjektet utvider vi Kristine Bonnevies veg og Richard Johnsens gate, som går gjennom Kunnskapsparken. I tillegg blir veien bedre for dem som går og sykler. I innleggene under kan du følge med på arbeidet. Du finner kontaktpersoner helt nederst på siden.

Stenger Kristine Bonnevies veg i fleire veker

Kart som viser nytt trafikkmønster i området ved Kristine Bonnevies veg på Ullandhaug i perioden 6. januar til 10. februar 2023. - Klikk for stort bildeKartet viser nytt trafikkmønster i området ved Kristine Bonnevies veg på Ullandhaug. Denne omkøyringa gjeld frå 6. januar til 10. februar 2023.

Fredag 6. januar klokka 12.00 blir Kristine Bonnevies veg stengt, på strekninga mellom Madlavegen og Novstemmen.

Rogaland fylkeskommune bygger nye tilkomstvegar til sjukehuset som kjem på Ullandhaug. Ei god stund framover må entreprenøren grave i sjølve køyrevegen, og då blir vegen stengt. Arbeidet består i å skifte ut røyr i bakken og å utvide vegen for å lage nytt kryss til den nye tilkomstvegen.

‒ Strekninga det nå er snakk om, blir stengt fram til 10. februar. Då blir vi ferdige med ein del av vegen, sånn at det blir nytt køyremønster igjen. Resten av Kristine Bonnevies veg blir nok stengt ei stund etter det også, forklarar Even Vike, prosjektleiar i Rogaland fylkeskommune.

Han fortel at alt arbeid med nye tilkomstvegar til sjukehuset skal vere ferdig hausten 2023.

Skilta omkøyring

Omkøyringa dei første vekene blir via Professor Olav Hanssens veg og ein mellombels veg i forlenginga av Richard Johnsens gate. Vike oppmodar folk til å vere merksame og følgje skiltinga.

Dei som går og syklar må følgje ruta via Novvegen og Radiovegen, slik dei har gjort sidan anleggsarbeidet starta (sjå blå strek på kartet).

Fjerner busstopp

Busstoppet i Kristine Bonnevies veg blir tatt vekk. På Kolumbus sin nettstad kan du sjå trafikkmeldingar for bussen på denne lenka.

I tillegg til arbeidet i Kristine Bonnevies veg, blir det arbeid og stengt veg i krysset Richard Johnsens gate/Prof. Olav Hanssens veg, ved Oljedirektoratet.

04.01.2023 21.00

Prøver ny metode i veiprosjekt – Jetpeling gir mindre støy

Bildet viser jetpeling, der sement og vann og jordmasser blandet for å stabilisere grunnen. - Klikk for stort bildeJetpeling bråker mye mindre enn for eksempel spunting. Her blir sement og vann og jordmasser blandet for å stabilisere grunnen.

På byggeplassen på Ullandhaug høres stemmer på mange språk. Men i dag er det italiensk som dominerer. Matteo Battistin og Gabriele Sabatini fra firmaet Dolomiti Rocce er i full gang med å vise entreprenør Bjelland As og anleggsarbeiderne i Rogaland fylkeskommune hvordan jetpeling fungerer. For fylkeskommunen er dette en ny metode.

Les gjerne mer om prosjektet og jetpeling i denne artikkelen

21.10.2022 14.00

Tilbyr Bjelland AS kontrakt for å bygge tilkomstveg til det nye sjukehuset

Kart som viser området som blir berørt når Rogaland fylkeskommune skal bygge tilkomsvegar til det nye sjukehuset på Ullandhaug i Stavanger. - Klikk for stort bildeKartet viser området som blir berørt når Rogaland fylkeskommune skal bygge tilkomsvegar til det nye sjukehuset på Ullandhaug i Stavanger.

– Dette er et viktig prosjekt, og vi ser fram til å komme i gang med bygginga, seier prosjektleiar Even Vike i Rogaland fylkeskommune.

Les gjerne meir om kva vi skal bygge i denne artikkelen.

 

06.05.2022 13.00
Til toppen