Får lov til å lage gatekunst i undergangane på Raglamyr

I månadene framover kan haugesundarar glede seg over litt meir fargar i dei elles grå undergangane under den store rundkøyringa på Raglamyr.

– Vi har gitt gatekunstnarane lov til å utfalde seg i undergangane under den store rundkøyringa på Raglamyr, fortel Ingrid Tau Strand Oanes i Rogaland fylkeskommune.

Fylkeskommunen har blant anna ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegane, og har derfor mest erfaring med å fjerne gatekunst frå offentleg eigedom. At nokon spør på førehand, synest Oanes er kjekt.

– Då vi fekk søknaden frå gatekunstnaren Leif Stian Nes, som går under namnet Artworkbyleif, tenkte vi umiddelbart at det var noko vi ønskte å få til, fortel Oanes.

Denne posta Nes på Facebook tidlegare i vår.Treng lovlege vegger

Gatekunstnaren skal halde gatekunst- og graffitikurs for barn, ungdom og vaksne fram til september.

– Vi har hatt eit par vegger å utfalde oss på tidlegare, men dei er anten revne eller stengt no, så det er veldig kjekt å få lov til å bruke veggene i undergangane, seier Leif Nes.

Fargerikt i løpet av sommaren

Nes kjem til å starte i slutten av månaden.

– Vi håper folk er positive til dette. Det er i alle fall vi, seier Oanes.

Det er viktig for fylkeskommunen at veggene ikkje brukast til hatefulle ytringar og kommersielle formål, og Oanes trur kunstnarane tek det på alvor.

Leif Stian har drive med graffiti i 20 år og fortel at på lovlege vegger er det viktig å følge dei "uskrivne reglane" i miljøet. Der heiter det blant anna

  • Respekter andres kunstverk
  • Vurder kven og kva du tek over
  • Rydd opp etter deg, ta med cans heim igjen


– Vi set pris på å få lov til dette. Vi håper òg at alle på Haugalandet får glede av kunsten, så det er viktig at vi tek vare på det, og held ved like det, seier Nes.

Oanes i fylkeskommunen oppfordrar syklistar til å vere obs når dei syklar gjennom undergangane. Ein kunstnar eller fleire kan dei næraste vekene stå der i full jobb.

Fylkeskommunen kjem til å henge opp nokre små skilt i undergangane som viser at gatekunst er lov på desse veggene.

Til toppen