– Eit viktig prosjekt for heile regionen!

Kruse Smith og Risa har slått seg sammen for å bygge det største prosjektet i Bussveien. Her signerer de kontrakt med fylkeskommunen og fylkesordfører Marianne Chesak.Rogaland fylkeskommune har signert kontrakt med entreprenøren som skal bygge det største prosjektet i Bussveien.

Arbeidsfellesskapet Risa AS og Kruse Smith Anlegg AS, med COWI som rådgivar, vann konkurransen om å bygge Bussveien gjennom Jåttåvågen, mellom Vaulen og Gausel i Stavanger.

Fylkesordførar Marianne Chesak var ikkje i tvil om at dagen skulle feirast.

– Dette er ufatteleg kjekt! Ein kontrakt på over 1,3 milliardar, som er det største enkeltprosjektet i Bussveien, og utruleg viktig for at vi skal komme i mål med heile prosjektet. Og fordi det er så stort, er det eit viktig prosjekt for heile regionen. Entreprenøren skal til dømes ha med seg mange lærlingar, fortel ho.

Arbeidsfellesskapet Risa AS og Kruse Smith Anlegg AS, KSR, antydar at dei kan starte å bygge allereie etter sommarferien. Risa AS bygger også bussveistrekninga mellom Gausel stasjon og Nådlandsbråtet.

Omfangsrikt prosjekt

Bussveistrekninga gjennom Jåttåvågen er ein av dei mest omfattande. Her bygger vi eigen trasé for bussen, med fortau og sykkelfelt på sidene.

– Det er fleire ting som blir utfordrande når vi bygger denne strekninga av Bussveien. Blant anna blir det arbeid nær jernbanen, både i Hinnavågen og ved Jåttå vgs. Vi skal bygge to kulvertar, den eine svært nær bustadar, og trafikken skal komme fram i heile anleggsperioden, seier Harald Bøhn, som er leiar for bussvei-einiga i fylkeskommunen.

Vil merke at det skjer mykje

Bøhn er opptatt av å ha gode løysingar både for bilistar og dei som går og syklar i anleggsperioden. Mange blir råka i byggeperioden, både trafikantar, naboar og skolar og barnehagar. Når vi skal bygge lokket over rundkøyringa ved Jåttå vidaregåande skole, påverkar det til dømes alle som skal til og frå skolen, stadion og arbeidsplassar i området.

– Omgivnadene kjem til å merke at mykje skjer, men vi er opptatt av at ulempene blir så små som mogleg. Dette er eit omfangsrikt, utfordrande prosjekt som blant anna er med på å forvandle ein heil bydel, der det kjem 1500 nye bustadar og 6000 arbeidsplassar. Vi har bygd i by før, og vi finn som oftast gode løysingar. Og så blir det veldig bra når vi er ferdige og kan opne Bussveien mellom Hillevåg i Stavanger og Sandnes sentrum (korridor 1) sommaren 2026, seier einingsleiaren.

Sjå intervju med fylkesordførar Marianne Chesak og dagleg leiar Bjørn Risa etter signeringa