Levande og attraktive bygder og grender - kring villreinfjellet Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei

Dette er ei regional støtteordning for Heiplanen finansiert med midlar frå Miljødirektoratet og Vestfold og Telemark, Agder, Rogaland og Vestland fylkeskommunar. Potten i 2021 er 1,4 millionar kroner.

Målet er bygde- og næringsutvikling kring villreinfjella med søkelyset på levande og attraktive bygder og grender. Bygde- og næringsutvikling er eit av satsingsområda i Heiplanen og støtteordninga er forankra i handlingsprogrammet (PDF, 2 MB) 2020-2023.

Føremål

  • Legge til rette for aktivitetar og opplevingar som formidlar natur- og kulturarv knytt til villreinfjellet og som spelar på lag med særpreget til bygdene og grendene. Det er ein føresetnad at tiltaka ikkje er i konflikt med leveområda til villreinen.
  • Aktivitetane og opplevingane skal styrke bygdene og grendene som stader å bu, leve, arbeide og besøke

Kven kan søke

Kommunane som er med i Heiplanen må vera søkar. Det kan vera andre aktørar enn kommunane som gjennomfører prosjektet/tiltaket. Sidan Heiplanen vart vedtatt før kommunereforma, kan Sandnes kommune søka om økonomisk støtte i tidlegare Forsand kommune. Det same gjeld Ullensvang kommune som kan søka om økonomisk støtte til å utvikle bygdene og grendene i tidlegare Odda kommune.

Kva kan det søkjast om

De kan søke om økonomisk støtte til å gjennomføra fysiske tiltak som er i samsvar med føremåla. De kan søke om økonomisk støtte til å planlegge tilrettelegging av aktivitetar og opplevingar. Det kan løyvast inntil 50% av godkjend budsjett. Maks støtte er kr. 250.000.

Søknad

De skriv søknaden i søkarportalen www.regionalforvaltning.no under støtteordninga Levande og attraktive bygder og grender kring villreinfjellet.

Søknadsfrist 15. januar 2022

Hugs å skildre i søknaden korleis prosjektet/tiltaket oppfyller kriteria sett i retningslinene (PDF, 203 kB).

Om de treng hjelp til å bruka søkarportalen kan de kontakte:

Torhild Haugen, Rogaland fylkeskommune, mobil 997 12 309

Om de treng hjelp til å utforme søknad kan de kontakte:

Lene Hennum, Vestfold og Telemark fylkeskommune, tlf 918 53 099

Bjørg Hellem, Agder fylkeskommune, tlf 959 91 238

Sissel Bakke, Rogaland fylkeskommune, tlf 464 15 413

Snorre Waage, Vestland fylkeskommune, tlf 959 76 861

Til toppen