Handlingsprogram landbruk 2021 - Rogaland fylkeskommune

Handlingsprogram landbruk 2021

Søknad om økonomisk støtte til prosjekt og tiltak i landbruket vil bli kunngjort for søknad i midten av februar.

Kven kan søkje

Næringsorganisasjonar i landbruket, friviljuge lag og organisasjonar i landbruket, næringshagar, landbruksrådgjevinga, samvirke i landbruket, rekneskapslag, kommunar, regionale næringsutviklingsselskap, dei grøne naturbruksskulane, destinasjonsselskap og ulike former for samarbeidsorgan og nettverk innanfor landbruket.

Kriterier ved vurdering av søknadene

Prosjekt og tiltak må vera forankra i Regionalplan landbruk i Rogaland og/eller Strategi for bioøkonomi 2018-2030. Desse finn de på heimesida til fylkeskommunen www.rogfk.no

Prosjekta og tiltaka skal vera utviklings- og mobiliseringsretta. Det blir ikkje gitt tilskot til prosjekt og tiltak for å oppretthalda eit eksisterande tilbod. Støtte til prosjekt vert gitt for eit år om gongen, maksimalt til tre år. Fylkeskommunen kan gi inntil 50 % i økonomisk støtte av godkjent kostnadsplan/budsjett. Godkjend timesats for eigeninnsats i finansieringsplanen er maks 1 promille av brutto årsløn, maks kr 800 per time.

Anna:

Støtteordninga gjeld i hovudsak prosjekt som ikkje vert omfatta av statsstøtteregelverket. I nokre tilfelle kan støtta gis som bagatellmessig støtte.

Frå 2020 har fylkeskommunen fått oppdragsgjevaransvar for fleire økonomiske verkemiddel. Det kan difor vera aktuelt for fylkeskommunen å diskutera søknaden med andre offentlege verkemiddelaktørar som til døme Innovasjon Norge, Rogaland.​

Korleis søkje

De søkjer om økonomisk støtte i www.regionalforvaltning.no. I søkjarportalen er det ein mal for kva søknaden må innehalda. Ta kontakt med Torhild Haugen telefon 51 51 69 28 om de treng hjelp med søkjarportalen. 

Søknadsfrist

Tidlig vår 2021

Til toppen