Attraktive tettstader i bygdene - kring villreinfjellet Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei - Rogaland fylkeskommune

Attraktive tettstader i bygdene - kring villreinfjellet Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei

Dette er ei ny regional støtteordning som er forankra i handlingsprogrammet (PDF, 2 MB) 2020- 2023 til Heiplanen.

Målet er å vidareutvikle og oppretthalde levande bygder kring villreinfjellet. Støtteordninga har som hovudføremål å styrke attraksjonskrafta til bygde- og grendesentra med å legge til rette for opplevingar og aktivitetar som spelar på lag med natur- og kulturkvalitetane til villreinfjellet.

Det er kommunane som er med i Heiplanen som kan søkje om økonomisk støtte. Heiplanen vart vedtatt før kommunereforma. Det tyder at Sandnes kommune kan søkja om økonomisk støtte til utvikling av bygde- og grendesentra i tidlegare Forsand kommune. Det same gjeld Ullensvang kommune som kan søkja for grende - og bygdesentra i tidlegare Odda kommune.

 

Søknadsfrist 15. januar 2021

 

Ordninga ligg i www.regionalforvaltning.no

 

Retningslinene for ordninga (PDF, 164 kB)

 

Om de treng hjelp til å utforme søknad kan de kontakte

Lene Hennum, Vestfold og Telemark fylkeskommune

Bjørg Hellem, Agder fylkeskommune

Sissel Bakke, Rogaland fylkeskommune

Snorre Waage, Vestland fylkeskommune

 

Om de treng hjelp til å bruke www.regionalforvaltning.no kan de kontakte

Torhild Haugen, Rogaland fylkeskommune, telefon 51516928

Til toppen