Tilskot til regionale frivillige organisasjonar innan kulturfeltet i Rogaland

Regionale frivillige organisasjonar skal ha gode og føreseielege rammevilkår. Det frivillige organisasjonslivet skal vera tilgjengeleg for alle, prega av mangfald og kunna arbeida fritt og sjølvstendig.

Søknadsfrist er 1. desember kvart år

Tilskota frå denne ordninga vert normalt fordelt på grunnlag av data frå siste år, det vil høvesvis sei 2020 og 2021 for tilskota i 2022 og 2023. På grunn av koronasituasjonen har mange organisasjonar fått endra driftsføresetnadane sine vesentleg. Det vart difor gjennomført ei prøvesøknadsrunde i august 2021, og resultata derfrå viste til dels store avvik frå tidlegare års tildelingar. Regional-, kultur- og næringsutvalet vedtok difor i møte 7. oktober 2021 (RKNU-sak 65/21) å utvide grunnlaget for utmåling av tilskudd utvidet fra siste år til de tre siste år.

Som fylgje av dette, må søkjarane til ordninga levere opplysningar frå åra 2018, 2019 og 2020 i søknad om tilskot for 2022.

Organisasjonar som har søkt om tilskot enten for 2020, 2021 eller begge åra, treng ikkje levere særattestasjon på ny.

Ta gjerne kontakt med saksbehandlar for ordninga, Trond Bjørknes, dersom noko er uklart

Søknadsskjemaet vert gjort tilgjengeleg ca ein månad før søknadsfristen. 

Kven er tilskotsordninga for?

Tilskotsordninga gjeld regionale frivillige organisasjonar som arbeider innanfor det kulturpolitiske ansvarsområdet. Tilskotsordninga gjeld ikkje organisasjonar som kan få støtte frå statlege organ på regionale nivå, til dømes politiske parti, trus- og livssynssamfunn og brukarorganisasjonar innan spesialisthelsetenesta som kan få støtte frå Helse Vest eller Fylkesmannen.

Krav til søknaden

For å få tilskot må organisasjonen ha tilstrekkeleg regional utbreiing, det vil seia anten medlemmar i 12 kommunar, eller lokallag i minst fire kommunar i Rogaland. Eit lokallag må ha eigne vedtekter, eige årsmøte, eige styre, som vert valt av og mellom medlemmane, og eiga årsmelding. Det vert telt eitt lokallag per kommune, og har eit lokallag medlemmar i fleire kommunar, vert det rekna som eitt lag.  

Organisasjonen må ha minimum 100 betalande medlemmar i Rogaland for å få tilskot. Som medlem vert rekna personar som har meldt seg inn individuelt og betalt ein kontingent på minimum 50 kroner.

Nokre regionale organisasjonar har større omfang enn Rogaland fylke, med medlemmar/lokallag utanfor fylkesgrensa. Desse vil verta trekte frå ved utmåling av tilskotet.

Særattestasjon

På grunn av innstramingane i Personopplysingslova, tar ikkje Rogaland fylkeskommune lenger imot medlemslister som vedlegg til søknadar. I staden må søkjarane fylle ut eit særattestasjonsskjema, og få det stadfesta av revisor for å legitimere medlemstal og andre viktige opplysingar i søknaden.

Retningslinjer

Nye retningsliner vart vedtekne av Fylkestinget 11. juni 2019 i sak 79/19.

Dei nye retningslinene gjer det enklare å søkja, fører til raskare utbetaling og mindre rapportering. Rapporteringa er no i form av årsrapport og årsrekneskap for sist år, sendt saman med søknaden. Det vert ikkje skilt mellom drifts- og tiltaksstøtte, men tildelt eitt tilskot basert på unge medlemmar, lokallag og verkelege driftsutgifter.

Til toppen