Skolerute for skoleåret 2022-2023 - Rogaland fylkeskommune

Skolerute for skoleåret 2022-2023

Fylkeskommunen gir forskrift om skole- og feriedagar, sjå opplæringslova § 3-2.

Elevane skal ha 190 skoledagar.

I skoleruta for 2022-2023 gjeld følgjande som forskrift og kan ikkje endrast:

  • Første elevdag onsdag 17. august
  • Haustferie veke 41 (10. - 14. oktober)
  • Vinterferie veke 9 (27. februar - 3. mars)

Det er også sett opp to felles planleggingsdagar. Datoane for desse gjeld førebels med atterhald om endring:

  • Felles planleggingsdag haust tysdag 15. november
  • Felles planleggingsdag vår onsdag 15. februar

Plassering av andre ferie- og fridagar samt plassering av siste skoledag gjer skolane fritt innanfor den ramma opplæringslova § 3-2 set: Opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skoleåret.

Kvar skole legg si skolerute ut på heimesidene sine.

Til toppen