I skoleruta for 2020-2021 gjeld følgjande som forskrift og kan ikkje endrast:
- Første elevdag måndag 17. august
- Haustferie veke 41 (5. - 9. oktober)
- Vinterferie veke 9 (1.- 5. mars)
Det er også sett opp to felles planleggingsdagar. Datoane for desse gjeld førebels med atterhald om endring:
- Felles planleggingsdag haust tysdag 10. november
- Felles planleggingsdag vår onsdag 10. februar
Plassering av andre ferie- og fridagar samt plassering av siste skoledag gjer skolane fritt innanfor den ramma opplæringslova § 3-2 set: Opplæringa skal strekkje seg over minst 38 skoleveker innanfor ei ramme på 45 samanhengande veker i skoleåret.
Kvar skole legg si skolerute ut på heimesidene sine.