Samarbeid i kulturmiljøfeltet - Rogaland fylkeskommune

Samarbeid i kulturmiljøfeltet

Kulturmiljø blir tatt vare på av mange ulike aktørar. Museum, eigarar, nærings, kommunar og fylkeskommune gjer alle viktig innsats for å ta vare på kulturmiljø for framtida.

For å kunne nå måla i planen er ein avhengig av svært godt samarbeid framover. Det er viktig å legge til rette for samarbeid og innspel for å finne tiltak, mål og retningslinjer til planen, og for å følge opp planen etterpå. Ein regional plan vil ikkje berre vere førande for fylkeskommunal verksemd, men og gi retning for andre aktørar, og det er difor viktig med godt samarbeid.

Samarbeid blir eit gjennomgåande tema og må sjåast i samanheng med dei andre satsingane.

Til toppen