Regionale interesser på kulturmiljøfeltet - Rogaland fylkeskommune

Regionale interesser på kulturmiljøfeltet

I planarbeidet ynskjer fylkeskommunen å greie ut om å klargjere regionale interesser på kulturmiljøfeltet. Dette er ein viktig del av ansvaret fylkeskommunen har for å sikre dette i regional, kommunal og statleg planlegging og vil kunne bidra til føreseielegheit.

Dette inneberer blant anna at det vil bli skrevet ein kort tematisk og historisk oversikt over kulturarven, og at planen vil trekke fram viktige kulturmiljø i kart.

I det vidare arbeidet er det viktig å få oversikt over kulturarv og kulturmiljø, og fylkeskommunen vil gjerne ha innspel til kulturarv og kulturmiljø som det det er viktig å få med i endeleg plan. I høyring av planprogram kan de gi innspel til dette, og det er og mogleg å gjere dette utanom høyringa.

Kulturmiljø er eit område der fleire kulturminne er samla i ein felles eining, til dømes eit gardsmiljø, ein strandstad eller eit forhistorisk gardsanlegg. Eit landskap er ein større eining som er  forma gjennom samspelet mellom menneske og naturen, dette er alle moglege typar «landskap.

Utval av kulturmiljø og tema vil bli gjort på bakgrunn av tidlegare regionale planar, kommunale kulturminneplanar, nasjonale og regionale oversikter, register og planar (for eksempel NB!-registeret og nasjonale verneplanar) og lokale innspel. Kulturmiljø og tema vil bli vurdert etter vanlege vurderingskriterium i kulturmiljøvernet.

Meir informasjon om dette ligg i forslag til planprogram, der ligger og informasjon om planlagde oversikt over fylkets historie og kulturarv.

Til toppen