Kulturmiljø som ressurs i berekraftig samfubbsutvikling - Rogaland fylkeskommune

Kulturmiljø som ressurs i berekraftig samfubbsutvikling

Kulturmiljø er ikkje-fornybare samfunnsgode. Dei er ressursar for kunnskap, opplevingar og bruk. Planen skal sikre både autentisk bevaring og vidareutvikling av kulturmiljø, og samtidig legge til rette for at kulturmiljø skal bidra til berekraftig utvikling gjennom klimainnsats, stadutvikling, næring og reiseliv. Berekraftsmåla er grunnlaget for all planlegging i Rogaland fylkeskommune, og gjennom planarbeidet er det nyttig å sjå regionalplanarbeidet i samanheng med andre planar, innsats og strategiar.

FNs berekraftsmål er grunnlag for regional planlegging i Rogaland. I kulturmiljøsamanheng er det særleg mål 11, «Berekraftige byar og lokalsamfunn», med undermål 11.4 som er særleg aktuelt, men kulturmiljø er og del av, og kan vere med på å bidra til å nå fleire av dei andre måla, knyta til blant anna berekraftig stadutvikling eller klima- og naturmål.

I planprogrammet er det særleg kulturmiljø og stadutvikling, klima og næringsutvikling som er nemnt, men det er og andre felt som kan vere aktuelle.

 

Klikk for stort bilde  

 

 

 

I forslag til planprogram er det skildra meir inngåande mål for planarbeidet og kulturmiljø og berekraft. I høyringsperioden vil gjerne fylkeskommunen få innspel til korleis kulturmiljø kan bli tatt vare på best mogleg framover, og korleis det best kan bli lagt til rette for god utvikling av kulturmiljø.

Til toppen