Formidling av kulturarven i Rogaland - Rogaland fylkeskommune

Formidling av kulturarven i Rogaland

Klikk for stort bildeSkilt bidreg til å spreie informasjon om kulturminne, og bidreg til at folk kan sjå og forstå kulturminna på staden. Her frå Strandgravfeltet ved Hå gamle prestegard.

Kulturarven skal vera tilgjengeleg for alle. Gjennom brei formidling av den rike kulturarven i Rogaland kan folk få auka kunnskap om, engasjement for og forståing av den felles kulturarven vår. Formidling av historie, kulturmiljø og kulturarv er - bør og må vere -ein viktig del av offentleg kulturmiljøpolitikk.

Gjennom innleiande medverkingsarbeid er formidling gjennomgåande peika på som viktig framover. Formidling av historie og kulturarv blir gjort av svært mange aktørar, og ein plan kan synleggjere dette, men særleg sjå på kva rolle fylkeskommunen bør ha.

Difor er formidling foreslått som eit tema for planarbeidet, og i vidare planarbeid er det viktig å vurdere korleis vi best kan legge til rette for god formidling av kulturarven i Rogaland. Både på dei arenaene som fylkeskommunen driv formidling i dag, og om fylkeskommunen bør formidle på nye måtar.

I vidare arbeid viktig å sjå på dagens formidling, og vurdere framtidig formidling. Formidling blir gjort av mange ulike aktørar på mange ulike måtar. Fylkeskommunen ynskjer difor innspel og informasjon om ulike aktørars formidling, og korleis kulturmiljø bør bli formidla i framtida.

I høyringsperioden ynskjer vi gjerne innspel og informasjon om formidling, både dagens formidling og forslag til nytenking.

I forslag til planprogram er det meir informasjon om dagens formidling og vidare arbeid.

Til toppen