Auka kunnskap og kompetanse i Rogaland - Rogaland fylkeskommune

Auka kunnskap og kompetanse i Rogaland

Klikk for stort bildeRestaurering av gamle vindauge Karl Emil Sødergren

For å kunne bevare kulturmiljø i Rogaland for framtida er det viktig med god kunnskap og kompetanse i alle deler av kulturmiljøfeltet, frå eigarar til det offentlege. Det finst svært mykje god kompetanse i fylket, og planen bør legge til rette for å dele og spreie denne.

Kompetanse og kunnskap er i kulturmiljø knyta til mange ulike fagområde og aktørar, i planprogrammet er dette særleg knyt til bygningsvern, fartøyvern, arkeologi og offentleg forvaltning.

Både utfordringar og moglegheiter knyt til, og mål for planarbeidet er ytterlegare skildra i forslag til planprogram. Blant anna behov for handverkarar i bygningsvernet, bygningsvernrådgiving, fartøyvernkapasitet, auka kompetanse i arkeologi eller styrking av kulturmiljøkompetansen i kommunane.

I høyring av planprogram kan vi få innspel til kva behov de har for kunnskap og kompetanse, og korleis de tenker at vi best kan auke kunnskap og kompetanse i kulturmiljøvernet.

Til toppen